Kurd-Dagh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 36°40′0″N 36°46′0″E
Kurd-Dagh
Kurt Dağı
fjell
Land Flag of Syria.svg Syria, Flag of Turkey.svg Tyrkia
Provins provinsen Kilis
Guvernat guvernatet Aleppo
høgd 1 269 moh
koordinatar 36°40′0″N 36°46′0″E
Syria location map.svg
Locator Red.svg

Kurd-Dagh (kurdisk Çiyayê Kurmênc; arabisk جبل الأكراد, Jabal al-Akrād; tyrkisk Kurt Dağı), òg kalla Aleppofjellet (arabisk جبل حلب Jabal Ḥalab), er eit fjellområde nordvest i Syria og søraust i Tyrkia. Det ligg i guvernatet Aleppo i Syria og provinsen Kilis i Tyrkia.

Kurd-Dagh er ein del av kalksteinsmassivet nordvest i Syria. Fjellet er eit sørleg framhald av Aleppoplatået frå fjellområda vest på Aintabplatået. Afrindalen går kring Kurd-Dagh får frå aust og sør og skil fjelelt frå sletta Aʻzāz og fjellet Simeon i aust og Harim i sør. Aswaddalen skil Kurd-Dagh frå Amanusfjellet i vest.

Den største byen i fjella er Afrin (Efrîn på kurdisk), i Syria. Området er kjend for olivendyrking og produksjon av trekol. Dei fleste innbyggjarane i Kurd-Dagh er Hanafi-muslimar, medan det meste av dei syriske kurdarane er Shafi'i-muslimar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]