Kurfürstendamm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 52°30′16.175″N 13°19′59.509″E

Kurfürstendamm, sett mot Kaiser-Wilhelm-Gedächtniskirche og Europa-Center

Kurfürstendamm (populært kalla Ku'damm) er ei 3,5 kilometer lang gate i bydelen Charlottenburg-Wilmersdorf i Berlin. Ho strekker seg frå Augusta Viktoria-plassen med Kaiser-Wilhelm-Gedächtniskirche i Charlottenburg til Rathenauplatz i Wilmersdorf.

Opphavet til dagens Kurfürstendamm er frå 1500-talet, då det blei laga ein plankeveg (tysk Dammweg) mellom Berliner Stadtschloss og Jagdschloss Grunewald. Denne plankevegen blei sidan nytta som ridesti for kurfyrsten Joachim II av Brandenburg. Kurfürstendamm fekk det noverande namnet sitt på midten av 1800-talet.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ved Kurfürstendamm ligg teatera Theater am Kurfürstendamm og Komödie am Kurfürstendamm i Ku'damm-Karrée og dessutan Schaubühne Berlin på Lehniner Platz.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]