Kurmanbek Bakijev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kurmanbek Bakijev
President of Kyrgyzstan, Kurmanbek Bakiyev.jpg
Verkeleg namn Курманбек Салиевич Бакиев
Fødd 1. august 1949
Masadan
Yrke politikar
Verv President i Kirgisistan
Periode 2005-2010
Føregangar Askar Akajev
Etterfylgjar Roza Otunbajeva
Verv Statsminister i Kirgisistan
Periode 2000-2002
Føregangar Amangeldy Muralijev
Etterfylgjar Nikolaj Tanajev
Kurmanbek Bakijev på Commons

Kurmanbek Salijevitsj Bakijev (fødd 1. august 1949) er ein kirgisisk politikar som var president i Kirgisistan frå 24. mars 2005 til april 2010.

Bakijev vart fødd i landsbyen Masadan i Zjalal-Abad oblast. I 1972 vart han ferdig utdanna elektroingeniør frå universitetet i Kujbysjev (no Samara). Han arbeidde som ingeniør, overingeniør, og til slutt fabrikkdirektør i Kirgisistan. I 1992 fekk han leiarverv i lokalpolitikken, og var frå 1997 til 2000 provinsguvernør i Tsjuj oblast. Frå desember 2000 til mai 2002 var han statsminister i Kirgisistan, utnevnt av president Askar Akajev. Han gjekk av som statsminister etter at fem menneske hadde blitt skotne og drepne av opprørspolitiet under demonstrasjonar mot president Akajev i byen Aksy. Etter dette var Bakijev i opposisjon til Akajev. Frå 2003 til 2005 sat han som parlamentsmedlem. Ved valet i 2005 kom han ikkje inn i parlamentet. Han var likevel ein av dei fremste opposisjonsleiarane. I mars 2005 vart Akajev nøydd å gå av og reisa i eksil, etter store demonstrasjonar mot regimet, i den såkalla "tulipanrevolusjonen". Bakijev vart fungerande president. Ved presidentvalet 10. juli 2005 allierte han seg med den andre fremste opposisjonsleiaren, Feliks Kulov. Han vart vald med 88 % av røystene. Kulov vart statsminister. I 2006 måtte Bakijev tola sjølv å få massive demonstrasjonar retta mot seg.

Under presidentvalget i Kirgisistan 23. juli 2009 blei han attvald for fem nye år, i eit val der den fremste opposisjonskandidaten trekte seg grunna påstått valfusk.

I april 2010 vart han styrta etter omfattande gatedemonstrasjonar og anklagar om eit autoritært styresett og omfattande korrupsjon.