Kurt Georg Kiesinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kurt Georg Kiesinger

Kanslar i Tyskland
Periode1. september 196621. oktober 1969
PartiChristlich Demokratische Union, NSDAP
Fødd6. april 1904
FødestadAlbstadt
Død9. mars 1988
DødsstadTübingen
EktefelleMarie-Luise Kiesinger
MedlemKStV Alamannia Tübingen
KStV Askania-Burgundia Berlin
Deutsche Parlamentarische Gesellschaft
FøregangarLudwig Erhard
EtterfølgjarWilly Brandt

Kurt Georg Kiesinger (6. april 19049. mars 1988) var ein tysk politikar og advokat, som var forbundskanslar i Tyskland frå 1966 til 1969. Han representerte kristendemokratane (CDU)

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Faren Christian Kiesinger var protestant, medan mora Domenika var katolikk, og Kiesinger vart katolsk døpt. Mora døøydde eit halvt år etter han vart fødd. Han var prega av båe trusretningar og kalla seg seinare gjerne «protestantisk katolikk».

Etter å ha avslutta realskulen studerte han ved det katolske lærarseminaret i Rottweil. Frå 1925 studerte han historie og filosofi ved Eberhard-Karls-Universität Tübingen og vart medlem av den katolske studentforeininga K.St.V. Alamannia. I 1926 flytte han til Berlin der han studerte jus og statsvitskap. Han var ferdig utdanna jurist i 1931. Etter å ha teke doktorgrad arbeidde han som advokat i hovudstaden.

Han vart medlem av NSDAP i 1933. Frå 1940 arbeidde han i kringkastingsavdelinga i utanriksdepartementet, frå 1943 som fungerande avdelingsleiar med ansvar for propaganda. I ein protokoll frå SS skal det ha stått at Kiesinger aktivt saboterte og forhindra antijødiske aksjonar i arbeidet sitt.

Etter krigen vart Kiesinger aktiv i CDU og vart vald til generalsekretær for partiet i Württemberg-Hohenzollern i 1947. Han arbeidde som advokat i Tübingen og Würzburg.

Parlamentsmedlem[endre | endre wikiteksten]

Frå 1949 til 1959 og frå 1969 til 1980 var Kiesinger medlem av Forbundsdagen. I 1950 fekk han 55 stemmer ved valet til forbundsdagspresident mot partifellen Hermann Ehlers sjølv om han ikkje ein gong hadde stilt til val for det vervet. Han var formann for utenrikskomiteen frå 1954 til 1959.

Kiesinger var elegant, særs flink til å tale, og vart kalla «sylvtunge».

Han var formann for Det tyske parlamentariske selskap frå 1954 til 1957, og medlem av Europaparlamentet frå 1956 til 1958. Han var visepresident for Europarådets parlamentariske forsamling frå 1955 til 1959, og frå 1957 til 1958 samstundes formann for den konservative gruppa der. I den parlamentariske forsamlinga til Den vesteuropeiske unionen var han formann for fraksjonen av kristendemokratar og britiske konservative frå 1956 til 1958.

Ministerpresident i Baden-Württemberg[endre | endre wikiteksten]

Fra 17. desember 1958 til 30. november 1966 var Kiesinger ministerpresident i delstaten Baden-Württemberg. Frå 1960 var han også vald inn i landdagen (parlamentet) i delstaten. Medan han var ministerpresident grunnla han universitet i Konstanz og Ulm.

Som ministerpresident var han òg president for forbundsrådet (Bundesrat) frå 1. november 1962 til 31. oktober 1963.

Tysk kanslar[endre | endre wikiteksten]

Den 27. oktober 1966 trekte FDP seg ut or den føderale regjeringa grunna usemje om statsbudsjettet. Sjølv om Ludwig Erhard framleis var kanslar og formann i CDU, bestemte CDU/CSU-fraksjonen seg for å velja ein ny kanslarkandidat for å overvinne regjeringskrisa.

Den 10. november var Kiesinger vald av fraksjonen. Han forhandla fyrst med FDP om å kunne danne regjering, men mislukkast. Så sette han i gang forhandlingar med opposisjonspartiet SPD og den 1. desember vart han vald til kanslar i den fyrste storkoalisjonen i tysk historie.

Som kanslar fekk Kiesinger stor popularitet blant folket. Regjeringa hans heldt i tre år og gjennomførte nesten alt dei planla, sjølv om så forskjellige personar som Willy Brandt, Franz Josef Strauss, Herbert Wehner og Karl Schiller deltok i ho.

Fraksjonsformennene Helmut Schmidt (SPD) og Rainer Barzel (CDU/CSU) vart rekna som bakmennene til regjeringa. Attåt kanslaren vart Karl Schiller og Franz Josef Strauss rekna som stjernane i regjeringa. I 1968 heldt Kiesinger ein tale for Forbundsdagen kalla Bericht zur Lage der Nation im geteilten Deutschland og innleia med det ein tradisjon som fortsette heilt til Tyskland vart sameint på nytt i 1990.

I 1967 vart Kiesinger òg formann i CDU, noko han var fram til 1971. Då det føderale valet nærma seg, vart samarbeidsklimaet verre, og valet i 1969 vart ein nedtur for Kiesinger. CDU/CSU vart framleis den største fraksjonen med 46,1 %, men fekk ikkje absolutt fleirtal på grunn av det ytterleggåande partiet NPD sitt resultat på 4,3 %. SPD fekk 42,7 % og kunne saman med FDP, som fekk 5,8 %, danne regjering. For fyrste gong i etterkrigstida måtte CDU i 1969 gå i opposisjon og kom fyrst attende i regjering tretten år seinare.

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

I 1971 tok Rainer Barzel over som formann i CDU, og Kiesinger vart utnemnd til æresformann. I 1980 var han den tredje eldste representanten i Forbundsdagen og trekte seg attende frå politikken. Berre den fyrste delen av memoarane hans, om perioden fram til 1958, vart ferdig. Då han døydde, 84 år gamal, vart han æra med ein statsakt på slottsplassen i Stuttgart og eit rekviem i domkyrkja St. Eberhard. Han er gravlagd i Tübingen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]