Kurt Schwitters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kurt Schwitters i 1927
Schwitters gravminne i Hannover

Kurt Hermann Eduard Karl Julius Schwitters (20. juni 18878. januar 1948) var ein tysk kunstnar, som er særleg kjend for ein collageteknikk som han sjølv kalla Merz. Han gav også ut eit tidsskrift som heitte Merz (1923-32). Schwitters sin produksjon, som vert rekna til stilretninga dadaisme, omfattar både måleri, grafikk, typografi og skulptur, med meir.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Schwitters var fødd i Hannover i Tyskland. Etter kunststudiar ved kunstakademiet i Dresden i tida 1909-14, saman med mellom andre Otto Dix og George Grosz, vende Schwitters heim til Hannover og byrja på sitt kunstnarliv som postimpresjonist. Etter som han leid av epilepsi, slapp han å verte innkalla til krigsteneste under fyrste verdskrigen. Men kunsten hans vart påverka av krigen og arbeida hans vart stendig dystrare og meir ekspresjonistiske i uttrykket.

I juni 1918 stilte Schwitters ut fleire semi-abstrakte, ekspresjonistiske landskap på Herwarth Walden sitt galleri Der Sturm i Hannover. Utstillinga førte til at han kom i kontakt med medlemer av avantgarden i Berlin, mellom dei Raoul Hausmann, Hannah Höch og Hans Arp.[1]

Schwitters heldt fram å skape verk i ein hovudsakleg ekspresjonistisk stil til året 1919. Hans fyrste abstrakte collage, særleg påverka av Arp, skapte han i slutten av 1918. Collageteknikken sin gav han namnet Merz, etter ein bit frå teksten Commerz Und Privatbank i collaget Das Merzbild frå vinteren 1918-19.[2] Mange år seinare, i 1937, vart Das Merzbild synt fram som eit sentralt bilete i utstillinga Entartete Kunst. Biletet var utstilt under frasen 'Nehmen Sie Dada Ernst', før nazistane kort etterpå øydela måleriet.

Det store gjennombrotet for Schwitters skjedde i slutten av 1919, etter hans fyrste separatutstilling på Der Sturm-galleriet, saman med publiseringa i august det året av det dadaistiske kjærleiksdiktet An Anna Blume. Han vidareutvikla merzmetoden på fleire andre felt enn måleri, også i skulpturar, noko som førte til at han laga rom-installasjonar som han kalla Merzbaue. I same ånd forma han lyd-diktet Ursonate frå 1922-32, eit diktverk som einast består av abstrakte fonem.

Hytta på Hjertøya, der Schwitters mellombels budde 1932-37

Schwitters flykta frå Nazi-Tyskland i 1937, det året hans verk vart utstilt av nazistane til spott og spe. Han busette seg då i Noreg, der han hadde opphalde seg i periodar tidlegare på 1930-talet. Mellom andre stader budde han på Hjertøya ved Molde. Seinare for han Storbritannia, der han døydde i 1948.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kurt und Ernst Schwitters Stiftung
  2. Kurt Schwitters, Center George Pompidou, 1994, p47

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]