Hopp til innhald

Kurt Westergaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kurt Westergaard

PseudonymKW
StatsborgarskapKongeriket Danmark
Fødd13. juli 1935
Døstrup
Død

14. juli 2021 (86 år)
København

Yrketeikneserieskapar, kunstmålar, karikaturteiknar, avistegner, journalist
Religionateisme
Kurt Westergaard på Commons

Kurt Westergaard, eigenleg Kurt Vestergaard, (13. juli 193514. juli 2021) var ein dansk lærar og teiknar frå landsbyen Døstrup i Region Nordjylland. Han vart vidkjend for si satiriske teikning av profeten Muhammed, publisert i Jyllands-Posten i 2005, ei teikning som førte til at han vart truga på livet.

Westergaard var avisteiknar for Jyllands-Posten frå 1983 til 2010. Hausten 2005 fekk han og 11 andre teiknarar i oppdrag av avisa å forme satiriske teikningar av profeten Muhammed. 30. september 2005 vart teikningane offentlege under overskrifta «Muhammeds ansigt». Teikninga viste profeten Muhammed sitt hovud, med ei tent lunte i turbanen.

Visse muslimske miljø reagerte med raseri, då enkelte retningar i islam held det for forkasteleg å avbilde profeten. Desse angreip danske ambassadar i Midt-Austen, og ei større diplomatisk krise mellom Danmark og land som Syria, Libanon og Egypt.

I 2008 avdekka dansk etterretningsteneste drapsplanar mot Westergaard. 1. januar 2010 braut ein 27 år gammal somaliar med øks seg inn i huset hans. Westergaard slapp unna attentatet då han fekk låst seg inne på eit rom, før attentatmannen vart overmanna og arrestert.