Kurtamusikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Kurtamusikk» er eit omgrep som nyttast om ein spesiell type fusion eller jazz-rock musikk, eller jazz med tydeleg inspirasjon frå den rytmiske musikken, særleg funk. Typiske kjenneteikn for kurtamusikk er straight rytmikk til fordel for swing, fyldig harmonikk (gjerne fir- eller femklangar), elektriske instrument som Rhodes-piano, synthesizers og elektrisk gitar, fem- eller seksstrengs bassgitar, presise blåserekker, og ikkje minst virtuøse improviserte soloar, ofte i høgt tempo. Musikken har sine røt i fusion-musikken som oppstod på 70- og 80-talet, og fleire av dei viktige tidlege aktørane i sjangeren vart oppdaga av Miles Davis, og kom fram i lyset etter at dei spelte på albumet «Bitches Brew» frå 1970. Døme på desse musikarane er Chick Corea, Herbie Hancock, Joe Zawinul og John McLaughlin.