Kurvesektor
Ein kurvesektor er i plangeometri ein del av planet som er avgrensa av ei gjeven kurve C og to rette linjer frå eit punkt P, som er toppunktet til sektoren. Omgrepet sektor vert særleg nytta når kurva er ein sirkel og P er sentrum i sirkelen, noko som òg vert kalla ein sirkelsektor (kakestykke). Viss ein sirkel er delt opp i åtte delar, består han av åtte sektorar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- sektor. (2012-02-13) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/sektor/matematikk