Kusjti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kusjtikamp i Bharatpur i mars 2013.
Kusjtikjemparar i Hyderabad på 1870-talet.

Kusjti, kusti eller pehlwani er ei form for bryting frå Sør-Asia. Sporten blei utvikla under Mogulriket gjennom ei blanding av lokale malla-yuddhateknikkar og persisk koshti pahlavani.[1][2] Begge namna kjem opphavleg frå persisk.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Den gamle sørasiatiske kampsporten malla-yuddha skal ha røter tilbak til 4000-talet f.Kr.[1] Han er skildra i Malla Purana frå 1200-talet.

På 1500-talet blei India erobra av sentralasiatar mogular av tyrkisk-mongolsk opphav. Dei førte med seg mongolske og persiske brytetradisjonar, som saman med malla-yuddha utvikla seg til kusjti.[1] Stormogulen Babur dreiv sjølv med bryting. Han skal ha kunna springa lange avstandar med ein mann under kvar arm.

Illustrasjon av to brytarar (1825)

Sist på 1600-talet reiste Ramadasa rundt i landet og preika til hinduar om å driva med sport for å æra den atletiske apeguden Hanuman. Marathaherskarar gav støtte til kusjti gjennom å gje store pengeprisar til vinnarar i meisterskap. Småfyrstar arrangerte kampar og tevlingar under den britiske kolonitida. Idretten var særleg populær blant radjputar, og kvar leiar pla ha ein stall brytarar som kunne underhalda han med kampar.

I 1909 heldt ein bengalsk handelsmann, Adbul Jabbar Saudagar, ein brytemeisterskap med målet om å sameina lokale ungdommar og inspirera dei til å delta i den indiske frigjeringsrørsla. Tevlinga blei kalla Jabbar-er Boli Khela, og blir framleis halden i Bangladesh ved kvar boishakhi mela (bengalsk nyttår). Kampen blir akkompagnert av dei tradisjonelle instrumenta sanai (fløyte) og dabor (tromme), og er ein av dei eldste tradisjonane i Chittagong.

Tidleg på 1900-talet gjorde den panjabiske brytaren Ghulam Muhammad, kjend som «Gama Pahalwan» eller «The Great Gama», seg kjend i India og Europa som ein mektig brytar. Bengalaren Gobar Guha hadde også suksess, og blei den første asiaten til å vinna meisterskapen i lett tungvekt i USA i 1921. Han innførte også fleire nye grep til den indiske idretten.

India gjorde det godt i internasjonal bryting i 1960-åra. Under dei fjerde Asian Games i 1962 og ved Commonwealth Games held på Jamaica fekk alle brytarane frå landet medaljar. I 1967 blei verdsmeisterskapen i bryting halden i New Delhi.

Vestlege brytarar som Karl Gotch utvikla brytinga si gjennom å trena kusjti, og bryteforma påverka fleire vestlege brytesystem. Kusjtiutøvarar på si side kan trena på teknikkar frå judo og jujutsu.

Kamp[endre | endre wikiteksten]

Kusjtikamp med ivrige tilskodarar i Pakistan.

I dag driv ein med kusjti i Bangladesh, India, Nepal og Pakistan.

Kampar i kusjti kan haldast på torg i landsbyar, på ein rund eller firkanta bane som er minst 14 fot (4,3 meter) brei. Kampen blir halde på jordgolv some in rakar fri for småstein og heller olje, kjernemjølk og raud oker på bakken. Ein kan også hella vatn over han for å få den rette konsistensen. Før kvar kamp kastar brytarane nokre nevar jord på seg sjølv og motstandaren som ei slags signing.

Sjølv om banen er merkt opp, kan brytarane gå utanfor han utan å straffast. Lengda på kvar bryteomgang blir fastlagt på førehand, som regel til rundt 25–30 minutt, eller noko lengre om brytarane blir samde om det.[3] Ein vinn kampen ved å halda skuldrene og hoftene til motstandaren mot bakken samtidig (i nokre utgåver berre skuldrene). Ein kan også vinna gjennom knockout, avbryting eller submission. Ein dommar inne i ringen og to dommarar på sida dømmer over kampen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Alter, Joseph S. (May 1992a). «The "sannyasi" and the Indian Wrestler: The Anatomy of a Relationship». American Ethnologist 19 (2): 317–336. doi:10.1525/ae.1992.19.2.02a00070. ISSN 00940496. 
  2. Alter, Joseph S. (1992b). The Wrestler's Body: Identity and Ideology in North India. Berkeley: University of California Press. ISBN 0-520-07697-4. 
  3. «Jabbar-er Boli Khela and Baishakhi Mela in Chittagong». archive.thedailystar.net. April 28, 2010. Henta June 8, 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]