Kusleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kusleik er eit munnleg uttrykk for hår som står stritt eller har anna fall enn resten av håret. Det kan også vise til ein frisyre der håret er kjemma glatt, gjerne opp og til sida.[1] Uttrykket er ei fornorsking av engelsk cowlick, som truleg stammar frå at kua har for vane å sleike kalven, som resulterer i virvlande mønster i håret.

Ein kusleik blir oftast til på toppen av hovudet hjå menneske, men kan også dukke opp i nakken eller nær panna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «kusleik». Det Norske Akademis ordbok. Henta 12. februar 2019.