Kut
Utsjånad
| Kut | |||
| الكوت | |||
| by | |||
Moské i Al Kut (2003) | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Guvernement | Wasit | ||
| Høgd | 23 moh. | ||
| Koordinatar | 32°30′20″N 45°49′29″E / 32.50556°N 45.82472°E | ||
| Folketal | 374 000 | ||
![]() Kut 32°30′53″N 45°49′08″E / 32.514722222222°N 45.818888888889°E | |||
| Wikimedia Commons: Al Kut | |||
Al-Kūt (arabisk الكوت, òg skrive Kut al-Imara eller Kut El Amara; kurdisk Kût; tyrkisk Kut'ül Ammare eller Kut) er ein by aust i Irak, på venstrebreidda av Tigris, kring 160 km søraust for Bagdad. I 2003 var folketalet estimert å vere kring 374 000 innbyggjarar.[1] Han er hovudstad i guvernementet som lenge heitte Al Kut, men som sidan 1960-åra har hatt namnet Wasit.
Gamlebyen i Kut ligg i ein skarp U-sving i elva, slik at det nesten er ei øy. I fleire hundreår var Kut eit regionssenter for teppehandel. Området kring Kut vert nytta til korndyrking.
Kutdammen vart bygt i byen i 1930-åra for å gje vatn til det kringliggande området.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kut» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Homepage of The New Iraq». IraqCoalition.org. 8. november 2008. Henta 1. mars 2021.

