Kutná Hora

Koordinatar: 49°57′N 15°16′E / 49.950°N 15.267°E / 49.950; 15.267
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kutná Hora
Sentrum av Kutná Hora
Sentrum av Kutná Hora
Sentrum av Kutná Hora
Flagget til Kutná Hora Byvåpenet til Kutná Hora
Flagget til Kutná Hora Byvåpenet til Kutná Hora
Styresmakter
Land
Kraj
Tsjekkia
Sentral-Böhmen
Grunnlagd 1200-talet
Borgarmeister Lukáš Seifert
Geografi
Flatevidd 33,071625 km²
Flatevidd
 - By

33,05 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

21 142
  643/km²
Koordinatar 49°57′N 15°16′E / 49.950°N 15.267°E / 49.950; 15.267
Høgd over havet 254 m
Diverse anna
Postnummer 586 01
Heimeside: https://kutnahora.cz
Nettstad: www.kutnahora.cz
Plassering
Kutná Hora is located in Tsjekkia

Kutná Hora (tysk Kuttenberg) er ein by i Tsjekkia i regionen Sentral-Böhmen ved elva Vrchlice (tysk Igel). Han ligg om lag 70 km aust for Praha. Byen ligg på ein ås som hadde store mengder sølvmalm i fjellgrunnen. I motsetnad til andre gruvebyar vart han lagt oppå malmen, slik at alle gruvnedgangane ligg inni sjølve byen.

I løpet av mellomalderen gjorde byen fleire forsøk på å overgå Praha, både når det gjaldt prakt, rikdom og makt. I dag har byen om lag 21 000 innbyggjarar, og dei sentrale delane av byen har vore på UNESCO si verdsarvliste sidan 1995.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Alt i 1142 grunnla sistersiensarordenen eit kloster her. Tyskspråklege segner vil ha det til at ein munk fann sølv medan han arbeida på ein av vingardane, og la kutten sin der for å markere staden, derfor namnet Kuttenberg.

Suksesshistoria til Kutná Hora starta med at sølvet vart viktig under den økonomiske oppsvingen på 1200-talet. Kunnskapen om førekomstane var nok eldre, i det minste tilbake til omkring år 1000. Kong Wenceslaus II av Böhmen skreiv år 1300 ut ein kongeleg resolusjon som regulerte bergverksdrift, og snart etter var ein del erfarne gruvefolk importert, og drifta og resultata tok seg raskt opp. Mange av dei påfølgjande kongane treivst godt, og heldt seg i byen i lengre periodar. Ein del av dei historisk viktige dokumenta for nasjonen Tsjekkia har vorte underskrivne der. Byen vart erobra av taborittane1420-talet, og så godt som heilt nedbrend i striden som følgde. Trass i tilbakeslaget vart han gjenreist og blømde inntil det braut inn store mengder vatn i den rikaste gruva i 1541. Dette var byrjinga på slutten av stordomstida. Nedgangen helt fram med ein pestepidemi i 1713 og trettiårskrigen. Gruvegangane forfall, og det lukkast ikkje å opne dei på ny, slik at byen vart fattig. I tillegg brann den ned i 1770. Ved inngangen til 1900-talet var all gruveverksemd nedlagd.

Utsikt frå balustraden mot St. Jakobskyrkja

Byen og bygningane[endre | endre wikiteksten]

Som med nabobyen eller forstaden Sedlec har byen strøk som er verdsarv. Gateløpa snor seg gjennom den eldste byen som dei gjorde frå den tidlegaste tida og er breie nok til kjerretransporten på den tida, men er i dag for om lag ein bil og ein fotgjengar på det smalaste. Gruveopningane ligg bak høge murar. Det eldste huset som framleis står er det italienske hoffet frå slutten av 1200-talet, som tidlegare var kongeleg residens, gildehall/hoff og kongeleg myntstøyperi. Santa Barbarakatedralen (via til gruvefolka sin vernehelgen) vart starta i 1368 og var meint å overstråle Karlskatedralen i Praha. Ho er eit godt døme på høggotisk byggekunst, men vart først fullført langt seinare. Òg St. Jakobskyrkja er gotisk, med tårnhøgde på 83 meter på det eine tårnet, og sviktande grunn under det andre, som dermed ikkje vart så høgt.

I Sedlec finst òg den gotiske Vår Frue-kyrkja saman med det kjende beinkapellet. Eit anna gotisk bygg, Steinhuset som har fungert som arkiv og museum frå 1902 rommar eit av dei mest rikhaldige arkiva i landet.

Hovudattraksjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Santa Barbarakatedralen (Kostel Svaté Barbory)
  • St. Jakobskyrkja (Kostel sv. Jakuba)
  • St. Jana av Nepomuk-kyrkja (Kostel sv. Jana Nepomuckého)
  • Voršilek klosterkyrkje (Kostel Kláštera Voršilek)
  • Jesuittskolen (Jezuitská kolej)
  • Italienske hoffet (Vlašský dvůr)
  • Mariapestsøyla (Morový sloup)

I Sedlec[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kutná Hora

Kjelder[endre | endre wikiteksten]