Kutsjurhanelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kutsjurhan (Kutsjurgan; ukrainsk eller russisk Кучурган; rumensk Cuciurgan) er ei elv i Moldova og Ukraina. Ho er ei sideelv til Dnestr som spring ut i Det podolske høglandet i Ukraina. Ho renn søraustover og dannar ein del av grensa mellom Transnistria i Moldova og Odessa oblast i Ukraina.[1][2] Elva er 109 km lang og drenerer eit område på 2090 km².[3]

Ei demning er bygd i elva like nord for Dnestr og dannar her Cuciurganreservoaret. Landsbyen Kutsjurhan i Ukraina ligg nær elva like nord for reservoaret og er ein viktig grenseovergang til Transnistria.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Map in Drainage Basin of Black Sea, UNECE Publication (2007), Section II, Chapter 5, p. 141
  2. Description in Drainage Basin of Black Sea, UNECE Publication (2007), Section II, Chapter 5, p. 143
  3. Transboundary Diagnostic Study for the Dnestr River Basin, OSCE/UNECE Report (2005), s. 28