Kuusankoski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kuusankoski
kommune
A view over Kuusankoski.JPG
Våpenskjold
Land Flag of Finland.svg Finland
Fylke Kymenlaakso
Areal 114 km²
Folketal 20 392 (2003)
Språk finsk

Kuusankoski
60°54′30″ N 26°37′25″ E
Location of Kuusankoski in Finland.png
Wikimedia Commons: Kuusankoski


Kuusankoski er ein by og ein kommune søraust i Finland, i landskapet Kymmenedalen i Södra Finlands län. Den totale flatevidda i kommunen er 129.5 km². Av dette er 114 km² landjord og 14,56 km² vatn. Byen ligg 130 km nordaust for den finske hovudstaden Helsingfors. Kuusankoski er kjend som ein by med mykje industri. I byen går det føre seg papirproduksjon i stor skala, i tre store fabrikkanlegg. Enkelte gonger vert byen kalla papirhovudstaden i Finland.

Kuusankoski vart eigen kommune i 1921, med delar av dei tilgrensande kommunane Iitti og Valkeala. Byen fekk status som kauppala (omsett "ein stad for handel", eller kjøpstad) i 1957 og vart by i 1973.

Historia til Kuusankoski er nært knytt til papirindustrien. Fabrikkane vart bygd opp på 1870-talet. Ein fekk vasskraft frå elva Kymijoki (Kymmene älv). Det vart etter kvart bygd vasskraftverk langs elva. Det store papirkonsernet UPM Kymmene har røter i området.