Kuznetskbekkenet

Koordinatar: 54°25′N 86°18′E / 54.417°N 86.300°E / 54.417; 86.300
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kuzbass)
Kuznetskbekkenet ligg i Kemorovo oblast.

Kuznetskbekkenet, ofte forkorta til Kuzbass, (russisk Кузнецкий бассейн, Кузбасс - Kuznetskij bassejn, Kuzbass) ligg sørvest i Sibir i Russland og er eit av dei største kolgruveområda i verda med eit areal på 69 900 km². Det ligg i Kuznetsksenkinga mellom Tomsk og Novokuznetsk i nedslagsfeltet til elva Tom. I sør grensar det til Abakanfjella, i vest til Salairryggen og i nord til Kuznetsk Alatau.

Det inneheld nokre av dei største kolførekomstane i verda og det kolberande laget strekkjer seg over eit område på 26 700 km³ og når eit djup på 1800 meter. Totalt er det estimert at det finst 725 milliardar tonn kol her. Dei andre industriane i regionen, som maskinproduksjon, kjemikaliar og metallurgi, er basert på kolgruvedrifta.

I sovjettida var Kuznetskbekkenet det nest største kolproduserande området i landet etter Donetsbekkenet i Ukraina. Smelting av jern tok til her så tidleg som i 1697 og kol vart oppdaga i 1721, sjølv om det ikkje vart systematisk vunne ut før 1851. Seint på 1800-talet vart Russland raskt industrialisert og industrien i området tok seg raskt opp. Industrien blømde ytterlegare då den transsibirske jernbanen kom til området. Under Stalin sin Første femårsplan vart Ural-Kuznetsk industrielle samanslutning oppretta tidleg i 1930-åra. Det vart eit sentrum for produksjon av jern og stål, sink, aluminium, maskineri og kjemikaliar, med råmateriale og ferdige produkt frakt til og frå stader i Kuzbas og Ural.

Dei økonomiske problema til Sovjetunionen seint i 1980-åra førte til streik hos kolgruvearbeidarane i 1989 og 1990 og dette svekka styret til Mikhail Gorbatsjov. Etter Sovjetunionen sitt fall og kollapsen til planøkonomien, opplevde industrien i regionen ei ny krise. Sidan den gong har området igjen vorte viktig og står i dag for 30 % av den totale kolproduksjonen i Russland.

Adminsitrativt høyrer Kuznetskbekkenet til Kemerovo oblast med adminsitrasjonsstad i Kemerovo. Andre store byar i området er Anzjero-Sudzjensk, Leninsk-Kuznetskij, Kiseljovsk og Prokopjevsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

54°25′N 86°18′E / 54.417°N 86.300°E / 54.417; 86.300