Kuznetsksenkinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kuznetsksenkinga (russisk Кузнецкая котловина eller Kuznetskaja kotlovina) ligg mellom fjella sør i Sibir i Russland. Kuznetsk Alatau ligg i nordaust, Salairryggen i sørvest og Sjoria i sør. Senkinga har ei høgd på opp til 500 meter over havet og dekkejr eit område på 70 000 km². Området har ei lengd på 400 km og er 120 km breitt.

Fleire elvedalar kryssar senkinga og dei største elvane er Tomelva, Inja og andre sideelvar til Ob.

Den sentrale delen av senkinga har fleire basaltiske fjellryggar frå mesozoikum med ei høgd på 600 til 740 meter over havet ((Taradanovryggen, Saltymakovryggen og Karakanfjella).

Senkinga er kjend for kolgruveområdet Kunznetskbekkenet. Dei største byane i området er Kemerovo, Novokuznetsk og Prokopjevsk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]