Hvalfangstmuseet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kvalfangstmuseet)

59°07′51.7″N 10°13′38.5″E / 59.131028°N 10.227361°E / 59.131028; 10.227361

Hvalfangstmuseet i Sandefjord, hovudinngangen.
Hvalfangstmuseet, bygningen frå 1917.

Hvalfangstmuseet er eit museum i Sandefjord som fungerer som nasjonalt og internasjonalt senter for kval- og kvalfangstsoge. Museet, som er ei avdeling av Vestfoldmuseene IKS, er det einaste spesialmuseet i Europa for det som har med kval og soga om kvalfangsten å gjere, og tek òg for seg dyre- og fugleliv i arktiske og antarktiske strok.

Hovudutstillinga skildrar kvalfangstsoga i ulike tider og i ulike kulturar, både den tradisjonelle fangsten hjå inuittane, den nordamerikanske jakta på spermkval (spermasettkval) i Atlanterhavet og den moderne norske storkvalfangsta i dei antarktiske stroka. Det vert gjort greie for innsats og risikovilje frå einskildpersonar og verksemder under usedvanlege harde vilkår og klimatiske tilhøve. Emneområdet spenner frå teknologisk utvikling og geografisk spreiing til arbeidslivet og handsaminga av fangsten. Ein modell av ein blåkval i full storleik er hovudattraksjonen.

Soga til museet[endre | endre wikiteksten]

Forretningsmannen Lars Christensen frå Sandefjord tok til i 1914 å sysle med tanken om eit museum om den vidfemnande kvalfangstnæringa han sjølv tok del i. Ideen hadde han mellom anna fått etter å ha vitja New Bedford Whaling Museum, kvalfangstmuseet i New Bedford i Massachusetts i USA. Og 23. mai 1917 kunne han overrekke som gåve til Sandefjord by eit nytt kvalfangstmuseum. Namnet på museet var då Kommandør Chr. Christensens Hvalfangstmuseum, namngjeve etter faren til Lars Christensen. Seinare har museet gjennomgått store endringar, og det vart utvida i 1981. Men det opphavlege museumsbygget frå 1917, teikna av Nils W. Grimnæs, står framleis uendra, og det er her modellen av blåkvalen er opphengd under taket, og utstillinga om dyr og fugleliv i arktiske og antarktiske strok har fått sin plass.

Lars Christensen skipa eit museum for og over si eiga samtid. Notidas utstillingar tek opp notidas aktuelle tema, som mellom anna forvaltninga av kvalen som ein av ressursane i havet, og dei miljømessige konsekvensane av kvalfangsten. Det vert dessutan lagt vekt på å få fram sogene til dei menneska som på ulike vis var med på kvalfangsten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bjarne Aagaard: Fangst og forskning i Sydishavet. Annet bind, Nye tider. Oslo-1930, s. 419-432
  • Einar Wexelsen: Vel blåst! Kommandør Chr. Christensens Hvalfangstmuseum 75 år. Hvalfangstmuseets publikasjon nr. 28, Sandefjord-1993. Også trykt som Utkikksposten nr. 5 og 6, Sandefjord-1992.