Kvalsund på Nerlandsøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå Kvalsund for andre stader med same namnet.

Fakta om Kvalsund
Kommune: Herøy
Fylke: Møre og Romsdal
Matrikkelgardar: Kvalsund (gnr 4) og
Teige (gnr 5)
Folkemengd: 430 (2005)
Postnummer: 6098 Nerlandsøy
Tettstaden Kvalsund
tettstad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Herøy
Areal 0,68 km²
Folketal 580 (2015)
Folketettleik 853 / km²
Postnummer 6098 NERLANDSØY

Kvalsund er ein av tre grunnkrinsarNerlandsøya i Herøy kommune på Sunnmøre, og omfattar to matrikkelgardar. Den eine, Kvalsund, har same namnet som grunnkrinsen, medan den andre heiter Teige. Kvalsund grensar til grunnkrinsen Kopparstad i vest og Kvalsvik i nord.

Tettstaden Kvalsund[endre | endre wikiteksten]

Etter SSB sine reglar er Kvalsund å rekne som ein tettstad, med 580 innbyggjarar per 1. januar 2015.

Like ved Nerlandsøybrua finn ein Kvalsund gartneri og Herøy Byggsenter. Litt lenger nord ligg hamna, med djupvasskai og ei dugnadsdrive småbåthamn. Oppom hamna ligg Handelshuset som er ein daglegvarebutikk etablert i 1908. Medan ein butikk som låg lenger oppe vart lagt ned på 1980-talet. Ved gartneriet ligg det òg ein gravplass.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kvalsund grunnkrins strekkjer seg frå Søre Vaulen der Nerlandsøybrua går over til Bergsøya, og opp på Kvalsundfjellet. Fylkesveg 20 kjem over til Kvalsund frå Bergsøya, og går vidare til Kopperstad. Fylkesveg 21 startar frå fylkesveg 20, og går utover mot Kvalsvik. Kvalsund er rimeleg flatt nede med sjøen, før det går brattare og brattare oppover, først opp mot Teigane og vidare opp på fjellet. På fjellet finn ein toppen Teigetua og eit mindre vatn. I nordaust ligg nesa Langeneset og Teigeneset, samt Kyrkjeholmen. Mellom Teigeneset og Grønholmen ligg Breidsundet i Holmefjorden, og nokre mindre skjer.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1920 vart det grave fram to båtar som ein har datert til det 600-talet. Den største har fått namnet Kvalsundskipet, medan den minste vert kalla Kvalsundfæringen. Ein trur at desse har høyrt til ein lokal hovding, då det var store og flotte båtar som såg ut til å passe best innaskjærs.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]