Kvalsvik på Nerlandsøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå Kvalsvik for andre stader med same namnet.

Fakta om Kvalsvik
Kommune: Herøy
Fylke: Møre og Romsdal
Matrikkelgardar: Skorpesund (gnr 2),
Nerland (gnr 6),
Kvalsvik Øvre (gnr 7),
og Kvalsvik Nedre (gnr 8)
Folkemengd: 285 (2005)
Postnummer: 6098 Nerlandsøy
Tettstaden Kvalsvik
stad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Herøy
Postnummer 6098 NERLANDSØY
Kart
Kvalsvik på Nerlandsøya
62°21′42″N 5°33′08″E / 62.36166667°N 5.55222222°E / 62.36166667; 5.55222222

Kvalsvik er ein av tre grunnkrinsarNerlandsøya i Herøy kommune på Sunnmøre.

Grunnkrinsen omfattar 4 matrikkelgardar; Kvalsvik Øvre, Kvalsvik Nedre, Nerland og den ikkje lenger busette garden Skorpesund. Kvalsvik grensar til grunnkrinsen Kopperstad i søraust og Kvalsund i nordaust.

Tettstaden Kvalsvik[endre | endre wikiteksten]

Etter SSB sine reglar er Kvalsvik å rekne som ein tettstad, med 0 innbyggjarar per 1. januar 2023.

I Kvalsvika finn ein ei naturleg hamn som har vore viktig for fiskarane i bygda.

Kvalsvik skule som vart sterkt redusert i 2003, men prøvd drive vidare som før av foreldra, blei nedlagd før skuleåret 2009/10 og elevane blei flytta til nabobygda, Kvalsund, også den på Nerlandsøya.

Gartneriet Øyflora Planteskule blei lagt ned etter sommaren 2010.

Badestaden Mulevika er ei strand sør for bygda. Eit populært utfluktsmål for både fastbuande og tilreisande.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Busetjinga i Kvalsvika ligg hovudsakleg i eit dalliknande føre som strekkjer seg frå Mulevika til hamna i vika som bygda har namnet etter. På kvar av sidene er det eit fjellmassiv, Kvalsundfjellet mot aust og eit dominert av Mulefjellet mot vest. Grensa mot Kopparstad og Kvalsund, går gjennom toppane Rjåhornet og Varden, og med Nerlandshornet lenger inne i krinsen. Den vestre dalsida strekkjer seg opp mot ein fjellrygg med toppane Muletua, Barmen og Okla, før det går bratt ned att mot Atlanterhavet. Mulevika strekkjer seg frå Terneneset ved utgangen av Skorpesundet og til Mulen rett ned for Muletua, medan ein i andre enden av fjellet finn Gållanes.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]