Kvam stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit skilt syner kvar den gamle kyrkjestaden på Vik i utkanten av Kvam var.
Foto: Jan-Tore Egge

Kvam stavkyrkje var mellomalderkyrkja på Kvam i Nord-Fron. Kyrkja låg like vest for garden Vik, ein drøy kilometer søraust for dagens kyrkjestad, og var i bruk til 1770-åra. Staden er markert med skilt på nedsida av jarnbanelina, men tufta er ikkje synleg.

Ein veit ikkje korleis kyrkja såg ut eller kor gamal ho var, men det vert hevda fleire stader at kyrkja hadde sval, og ho vart utvida til krosskyrkje på 1600-talet.[1] Kyrkjelyden kjøpte kyrkja på auksjonen i 1723, og i 1775 søkte ein om løyve til å byggje ei ny kyrkje på ein ny stad fordi den gamle kyrkja var for lita og falleferdig, og fordi plasseringa nær Gudbrandsdalslågen skapte store fuktproblem.

Det einaste som synest kjent om inventaret, er at kyrkja hadde ei altartavle som vart skåren av Lars Borg. Kontrakt om tavla vart inngått 16. mai 1703[2], og Gerhard Schøning observerte tavla i kyrkja i 1775.[3] Denne tavla vart med over i den nye kyrkja som vart oppført på dagens kyrkjestad og innvigd i 1778, men tavla gjekk med i brannen i 1940. Eit stort fotografi på veggen i dagens kyrkje bevarer minnet om ho.

Det einaste som er å sjå på staden i dag utanom skiltmarkeringa, er ein minnestein over kaptein George Sinclair, som tok del i slaget ved Kringen. Han vart visstnok gravlagd utanfor kyrkjegardsmuren fordi kvamverane ikkje ville ha han inne på kyrkjegarden. Ein må gå ut frå at kyrkjegardsområdet har strekt seg heilt frå Lågen og om lag opp til dagens E6 i ei breidd på hundre meter eller så.[4] Det er sidan bygd veg og jarnbaneline gjennom området, og i samband med dette arbeidet har ein fleire gonger funne graver i området.[5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skre (1988), s. 26.
  2. Hauglid (1950), s. 34.
  3. Fredriksen et al (2002), s. 19.
  4. Jf. kartmarkering hos Skre.
  5. Fredriksen et al (2002), s. 22

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]