Kvammesteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niels Paaske si avteikning av Kvammesteinen (1626)

Kvammesteinen var ein stor runestein som stod på Kvamme i Vik kommune i Vestland fylke. Biskop Niels Paaske omtalte steinen og teikna av runene på han i 1626. Steinen stod nede ved sjøen, skreiv Paaske, ikkje langt frå naustet, men var velta då han skildra han. Han skreiv òg at han var sju sjællandske alen høg, det vil seia omtrent 4,4 meter.[1] Steinen har med andre ord vore ein av dei høgaste runesteinane i landet. Etter 1626, året for Paaske si skildring, er det ingen som har kunna gje noka forklaring på kva som har skjedd med steinen. Det har vore gjort mange forsøk på å finna steinen, eller fragment av han, men forgjeves. Paaske fekk heldigvis teikna av runene:

krimr:birsa:sunr:risti:stin:þinat:þu(r) ...
katis:sunar:is:hir:uas:haukuin:is:stina:sia:st...

På norrønt vert det: Grímr Bersason reisti stein þenna at þor (...) son Ketilssonar, es hér vas hoggvin es steinn sjá stendr.

På moderne norsk er det: «Grim Bersason reiste denne steinen etter Tor (...) son av (...) Ketilsson, som vart hogd [ned] her der denne steinen står».

Runene er frå tidleg 1000-tal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Liestøl (1957), s. 218