Kvamsøy i Hardanger
Kvamsøy | |||
Kvamsøy og holmen Øykalven. Utsyn innover Hardangerfjorden og fjella på Sørsida, sett frå Krokavatnet i Norheimsund.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kvam | ||
![]() Kvamsøy i Hardanger |
Kvamsøy er ei lita øy i Hardangerfjorden i Kvam herad. Øya ligg i Ytre Samlafjorden, søraust for Øystese. På nordvestsida av øya ligg holmen Øykalven (Tjuvaholmen), det smale sundet mellom dei heiter Øykalvsundet.
Øya har eit areal på om lag 0,4 km² og er om lag ein kilometer lang.[1] Det høgaste punktet på øya er 73 meter over havet. Øya har ein vêrstasjon frå Meteorologisk Institutt som sender inn vêrdata fire gonger i døgnet til heile verda, ein såkalla synoptisk stasjon. Vêrstasjonen er plassert på Austerhaugen. Det ligg også ei lita fyrlykt, som framleis er i drift, på denne haugen.
Det er fleire gravhaugar på Kvamsøy, og det er gjort funn frå Bronsealderen, mellom anna ein bronsecelt.