Kvamsøy i Kvam
Utsjånad
| Kvamsøy | |||
| øy | |||
Kvamsøy og holmen Øykalven. Utsyn innover Hardangerfjorden og fjella på Sørsida, sett frå Krokavatnet i Norheimsund. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Kvam | ||
![]() Kvamsøy i Hardanger 60°21′51″N 6°16′41″E / 60.3643°N 6.27799°E | |||
Kvamsøy er ei lita øy i Hardangerfjorden i Kvam herad. Øya ligg i Ytre Samlafjorden, søraust for Øystese. På nordvestsida av øya ligg holmen Øykalven (Tjuvaholmen), det smale sundet mellom dei heiter Øykalvsundet.
Øya har eit areal på om lag 0,4 km² og er om lag ein kilometer lang.[1] Det høgaste punktet på øya er 73 meter over havet. Øya har ein vêrstasjon frå Meteorologisk Institutt som sender inn vêrdata fire gonger i døgnet til heile verda, ein såkalla synoptisk stasjon. Vêrstasjonen er plassert på Austerhaugen. Det ligg også ei lita fyrlykt, som framleis er i drift, på denne haugen.
Det er fleire gravhaugar på Kvamsøy, og det er gjort funn frå bronsealderen, mellom anna ein bronsecelt.
Folketalsutvikling:
| 1801[2] | 1900[3] |
|---|---|
| 12 | 36 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ kart.kvam.no[daud lenkje]
- ↑ Folketeljing 1801 for Vikør prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Kvam herred, frå Digitalarkivet
