Kvamsøy kyrkje
| Kvamsøy kyrkje | |||
| Kvamsøy kirke | |||
Foto: 3s | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Bjørgvin | ||
| Prosti | Sogn | ||
| Sokn | Balestrand | ||
| Fellesråd | Balestrand | ||
| Stad | Kvamsøya i Sogndal kommune | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Tårn | Bygd i 1715-1716 | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Sitjeplassar | 210 | ||
![]() Kvamsøy kyrkje 61°07′44″N 6°29′05″E / 61.12875°N 6.4846°E | |||
| Wikimedia Commons: Kvamsøy kirke | |||
Kvamsøy kyrkje er ei steinkyrkje frå kring 1280–1300 på den vesle Kvamsøya i Sogndal kommune i Vestland.
Fyrste gongen kyrkja er nemnd i skriftlege kjelder er i 1349, og ein veit ikkje sikkert når ho vart bygd. Dateringa til 1280–1300 byggjer på stilmessige vurderingar. I fylgje ei segn vart kyrkja reist etter ei gåve frå engelske sjøfarande som skal ha søkt livd innom øya i eit uvêr. Kyrkja var soknekyrkje i Kvamsøy sokn til Sæle kyrkje stod ferdig i 1903. No er det berre to faste gudstenester i kyrkja i året, eine i mai og hi til olsok. I tillegg kjem gravferder og eventuelt vigsler, dåp og konfirmasjonar. Kyrkja er stengd frå oktober til mai fordi ho ikkje har elektrisk oppvarming.
Kyrkja ligg i Balestrand sokn i Sogn prosti. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg ho i Balestrand prestegjeld.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Kvamsøy kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- «Kvamsøy kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
