Kvanndal kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvanndal kraftverk
Tekniske data
Plassering Aust av Suldalsvatnet
Etableringsår 1967
Aggregat Francisturbin
Installasjon 40 MW
Årsproduksjon 181 GWh

Kvanndal kraftverk er eit vasskraftverk ved Havrevassjuvet aust for Bleskestad i Suldal kommune i Rogaland. Kraftverket blei sett i drift i 1967, og nyttar eit fall på 328 meter frå reguleringsmagasin i Sandvatnet (950-925 moh). Holmavatnet (1 058-1 048 moh), som delvis ligg i Vinje kommune, og Isvatnet (1 301-1 291 moh) er òg magasin. Frå kraftverket blir vatnet sendt i tunnel via Kvanndalsfoss til Suldal II kraftverk. Det er installert éi francisturbin på 40 MW.

Det har blitt gjort utgreiingar på moglege løysningar for bygging av pumpekraftverk i Kvanndal. Grunnen er at det litle magasinet i Kvanndalsfoss ofte får overløp i vårflaumen, sjølv om Kvanndal kraftverk stenger produksjonen og Suldal II går for fullt. Ved å pumpa vatnet opp i Sandvatnet, for så å nytta det på nytt i begge kraftverka, vil ein kunna auka kraftproduksjonen med 30 GWh ved normalflaum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]