Kvarøyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 66°30′7.3368″N 12°56′28.349″E Kvarøyfjorden er ein fjord i Lurøy og Rødøy kommune i Nordland. Fjorden ligg søraust for øya Hestmona og aust for Innerkvarøya og strekkjer seg 10 km søraustover til Bjørnøya, ei halvøy vest for tettstaden Kvina.

I nord startar fjorden mellom Hestmona i vest og Vikingen i aust. I sør held fjorden fram som Stigfjorden, medan Matskjerfjorden ligg i vest på sørsida av Innerkvarøya. Bygdene Tonnes og Konsvikosen ligg langs austsida av fjorden langs Fv439.