Kvar gong Jesu namn eg nemner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Kvar gong Jesu namn eg nemner», eller «Åndeleg sjømanns-song», er ein song skriven av Jakob Sande og gitt ut 1961 i diktsamlinga Det kveldar på Kobbeskjer.

Songen har tre vers og handlar om livsskuta som med Jesus som los segler mot det nye Jerusalem; i følgje tredje og siste verset er han skriven «i havsens våde på ei einsam vakt eingong».

I Norsk salmebok 2013 står han som nr. 896. Samanlikna med originalteksten er det gjort éi endring: I siste verset er strofa «rolling houm, rolling houm» endra frå lydhermande skrift til «rolling home», i samsvar med engelsk rettskriving. Melodien som er brukt i salmeboka, er skriven av Roar Goksøyr i 2001 og har karakter som kan minne om ein sjanti.