Kvenflagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flagget til kvenene eller «kvenflagget» er designa av Bengt Johansson-Kyrö, som har henta motivet solrosa frå käsityö som er den kvenske husflidskulturen sin tradisjonelle motivkrins.

Kvenflagget (kvensk kvääniflaku) er eit flagg som sidan 2009 har vorte nytta av kvener i Noreg, Sverige og Finland. Flagget er designa av Bengt Johansson-Kyrö.

Formgjeving[endre | endre wikiteksten]

Formgjevaren til kvenflagget er kunstnaren Bengt Johansson-Kÿrö frå Jukkasjärvi utanfor Kiruna i Nord-Sverige. Flagget har mørkeblå bakgrunn og motiv frå ein solblome eller ei solrose (kvensk aurinkonkukka eller auringonkukka) som er funne på ei rekke gjenstandar i det kvenske området: Kvenland. Døme på slike gjenstandar skal mellom anna vera jakthorn, vevstolar, båtar m.m. Solrosa vert stadig nytta innan tradisjonelt käsityö, som er kvensk kunsthandverk.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Flaggdesignen var klar allereie i 2007 Kvenlandsförbundet arrangerte ein konkurranse for å få laga eit kvenflagg. Johansson-Kyrös design vann konkurransen.[1] Det var først i 2009 at Kvenlandsforbundet vedtok å ta flagget i bruk. Dette skjedde på eit møte med medlemmer frå Noreg, Sverige og Finland.[2]

Flagget vart først brukt på ei offentleg flaggstong utanfor rådhuset i Kiruna på Kvenfolkets dag i 2013.[3] I 2017 vart flagga hange opp ved Rådhuset i Storfjord kommune, og for første gang flagga ein kommune i Noreg på Kvenfolkets dag.[1]

På landsstyremøtet i Norske Kveners Forbund 29.-30. april 2017 vart flagget til Kvenlandsforbundet òg vedtatt brukt av NKF.[4]

I mars 2018 heisa mellom anna Kvænangen kommune kvenflagget for første gang, det same gjorde Nordreisa[5], Porsanger[6] og Troms fylkeskommune[7], og i mars 2019 vart flagget heisa i Tromsø på Kvenfolkets dag.[8][9]

I 2018 avslo det norske Kommunal- og moderniseringsdepartementet ei oppfordring frå Norske kveners forbund om ei offentleg godkjenning av Kvenflagget. Departementet sa samtidig at norske kommunar og andre stod fritt til å bruka flagget til å markera Kvenfolkets dag og andre hendingar.[10]

I 2022, 15 år etter at flagget vart til, fekk Johansson-Kyrö utdelt den første nordiske kvenske kulturprisen for innsatsen sin. I grunngjevinga for prisen stod det:

Siden 2007 og 2013 har flagget blitt den viktigste materielle markøren for det kvenskfinske. Johansson-Kyrös vinnerbidrag fra 2007 i Kvenlandsförbundets konkurranse tar ett urgammelt kven- og finnesymbol inn i et hav av nye muligheter for alle kvener og likesinnede. Bengt Johansson-Kyrö er den riktige mottaker av den første nordiske kvenske kulturprisen.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «1948 - DAGENS HISTORIE: Hvordan Kvenflagget kom til» (på norsk bokmål). Henta 22. september 2020. 
  2. Larsen, Dan Robert (18. mai 2017). «Endelig et felles flagg for kvenene» (på norsk bokmål). Henta 22. september 2020. 
  3. Kvenlandsförbundet. (18. mars 2013). Kvänfolkens dag i Kiruna
  4. «Kvenene har fått sitt felles flagg!» (på norsk bokmål). 16. mai 2017. Henta 16. mars 2019. 
  5. 2018-03-16. «Onnee kväänikansan päiväle! Gratulerer med kvenfolkets dag! - Nordreisa kommune» (på norsk). Arkivert frå originalen 15. november 2019. Henta 15. november 2019. 
  6. Hansen, Lill Vivian (3. mars 2018). «Hvor kan vi heise kvenflagget?» (på norsk bokmål). Henta 15. november 2019. 
  7. «Det kvenske flagget heist for første gang på kvenfolkets dag». Henta 15. november 2019. 
  8. Mevik, Eirik Losnegaard (31. desember 2018). «Godt nytt år! - Kvænangen kommune» (på norsk). Henta 15. november 2019. 
  9. Monsen, Heidi Nilima (16. mars 2019). «Kvenflagget til topps i Tromsø» (på norsk bokmål). Henta 15. november 2019. 
  10. Lanes, Laila (7. mars 2018). «Kvenflagget blir ikke offentlig godkjent» (på norsk bokmål). Henta 22. september 2020. 
  11. Riksforbund, Kvensk Finsk (5. juli 2022). «Kirunamøtet 11. juni 2022» (på norsk bokmål). Henta 1. januar 2023.