Kvensk språkting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvensk språkting er eit organ som gjer vedtak i normeringsspørsmål om kvensk språk som er handsama av Kvensk språkråd. Viktige mål er eit standardisert skriftspråk og ein kvensk skolegrammatikk.

Språktinget vart etablert i april 2008, og medlemmene er oppnemnd av Kvensk institutt. Leiaren i kvensk språkting er Dagny Olsen, og medlemene representerer ulike delar av det kvenske språkområdet.


Lenkjer[endre | endre wikiteksten]