Kvernøyna naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kvernøyna fuglereservat)

Kvernøyna naturreservat er eit naturreservat (fuglereservat) i Gulen kommune i Vestland. Formålet med fredinga er å bevara hekkande sjøfugl i øygarden i Sognesjøen. Arealet er 1427 dekar, og utgjer om lag 1/4 av arealet av dei seks naturreservata i Gulen kommune når ein ser bort frå Vassøyane naturreservat. Det er verna 907 daa landareal og 520 daa sjøareal.

Regjeringa vedtok i 1993 Verneplan for sjøfugl som gav 57 fuglereservat på i alt 11 km² langs kysten av Sogn og Fjordane.[1] Planen er basert på dei første verneforslaga frå 1977, vidare Stortingsmelding nr 68 (1980-81) Vern av norsk natur som fastslo målet om å verna eit representativt naturutval i Noreg, og første høyringsforslag om sjøfuglvern i Sogn og Fjordane frå 1984. Det blei i tida 1977–88 halde synfaring og utreidd 350 sjøfugllokalitetar i fylket. Forarbeidet i delplanen til fylket blei sendt ut på høyring i 1991 som Verneplan for sjøfugl – delplan 5 Sogn og Fjordane.[2] Hovudmålet er å verna hekkeplassane i fylket, med mål om å sikra hekkeplassar for halve bestanden av de mest vanlege sjøfuglane, og heile bestanden av dei mest sjeldne hekkefuglane i fylket.

I Gulen kommune fekk Lihellene naturreservat og Kvernøyna naturreservat andreprioritet, mens dei øvrige tre sjøfuglreservata fekk tredjeprioritet som vernelokalitetar.[3]

Reglar for reservatet[endre | endre wikiteksten]

  • Det må ikkje bli sett i verk tiltak som kan skade eller forstyrre naturmiljøet.
  • Det er forbode å ferdast i området eller forstyrre fugl i hekkeperioden.
  • Der er våpen- og jaktforbod og bandtvang, og utsetting av vilt er forbode.
  • Ferdsel, camping, og oppankring nærare enn 50 meter er forbode.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sogn og Fjordane - Sjøfuglreservat Arkivert 2011-08-27 ved Wayback Machine. - Miljøstatus.
  2. Verneplan for sjøfugl – delplan 5 Sogn og Fjordane[daud lenkje] - Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 1991.
  3. Verneplan for sjøfugl - delplan 5 Sogn og Fjordane[daud lenkje] - Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 1991, side 52.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]