Kverneland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kverneland er eit etternamn, slektsnamn og tidlegare stadnamn og gardsnamn. Første ledd i namnet er kvern, og syner til bruk av ei bekkekvern. Namnet Kverneland er kjend gjennom Kverneland Group, verdas største produsent av landbruksutstyr.

Kvernaland, tidlegare Kverneland, er ein matrikkelgard like sør for garden Frøyland, begge ligg ved Frøylandsvatnet i Time kommune. Fyrste gong garden Kvernaland blei nemnt i skriftlege kjelder var i 1567, og då var skrivemåten «Quenneland»[1]. Kverneland kan truleg vera eit resultat av danske embetsmenn sin skrivemåte av den lokale uttalen «Kvednaland». Årsaka til at Kvernaland blei «konstruert» som namn på tettstaden var for å ta vare på den gamle lokale uttalen av «Kvednaland». Dette er truleg det nærmast ein kjem den gamle uttalen etter retningslinjene i Lov om stadnamn frå 1990 og medfølgande forskrifter: Forskrift om skrivemåten for stadnamn.

I dag er den lokale uttalen av namnet «Kverneland». Verken «Kvernaland» eller «Kvednaland» er i aktiv bruk i daglegtalen.

Verksemder med Kvernelandsnamnet[endre | endre wikiteksten]

Personar med etternamnet Kverneland[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Lindanger, Birger; Waula, Jørg Eirik (2003), Time gard og ætt IV, Time kommune