Kvevatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvevatnet
innsjø
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Lærdal
Utløp Nivla
Nedslagsfelt 39,71[1] km²
Høgd over havet 1 473.3–1 458.5[1] moh.
Areal 6,42[1] km²
Kystlengd1 32,06 km
Koordinatar 60°53′35″N 07°42′25″EKoordinatar: 60°53′35″N 07°42′25″E

Kvevatnet
60°53′35″ N 7°42′25″ E
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Kvevatnet[2] (òg kalla Kvevotni)[3] er ein innsjø og eit kraftmagasin i Lærdal kommune i Vestland. Innsjøen har utløp mot nord til elva Nivla, som er ein del av Lærdalsvassdraget.

Magasinet vart bygd som ein del av kraftutbygginga i Lærdalsvassdraget på 1970-talet. Det vart bygd ei demning ved utløpet frå Kvevotni, og ei rekkje mindre vatn, blant anna Vestre og Midtre Kvevatnet og Vestre Flågrunnsvatnet, vart oppdemd til ein samanhengande innsjø. Vassføringa frå magasinet vart overført frå eit vassinntak i Gravdalen, lengre nede i Nivla, via ein lang tunnel til Borgund kraftverk. I februar 2015 vart det gjeve konsesjon til utbygging av Gravdalen kraftverk, som vil utnytta fallet mellom magasinet og vassinntaket i Gravdalen.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]