Kvikne kyrkje i Nord-Fron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°34′27.70″N 9°35′15.75″E

Kvikne kyrkje
kyrkje
Kvikne church, Nord-Fron, Norway.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Kommune Nord-Fron
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Nord-Gudbrandsdal
Sokn Kvikne
Fellesråd Nord-Fron
Type krosskyrkje
Teknikk lafteverk
Material tre
Innvigd 1764
Tårn Sentraltårn
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Eistein Guttormsen Kjørrn
Døypefont Kleberstein
Altartavle Eistein Guttormsen Kjørrn
Sitjeplassar 175
Diverse Kyrkjebenker måla av Ragnvald Einbu
Wikimedia Commons: Kvikne kirke (Nord-Fron)

Kvikne kyrkje er ei tømra krosskyrkje i Nord-Fron kommune i Oppland fylke. Ho vart oppført i 1764 og har 175 sitjeplassar.

Byggmeister ved oppføringa var Per Korpberget. Før Storofsen — den store flaumen i 1789 — stod kyrkja litt lengre ned, ved garden Sylte. Etter flaumen vart ho flytta til Tune, der ho framleis står.

Eistein Guttormsen Kjørrn har laga altartavle og preikestol til kyrkja. Preikestolen er kopiert etter Jakob Klukstad sin preikestol i Heidal kyrkje, som brann i 1933. Også altartavla er inspirert av tavla i Heidal, men her har Kjørrn vore noko friare.

Døypefonten i kleberstein er overført frå ei tidlegare kyrkje. Ragnvald Einbu måla kyrkjebenkane i 1922 med ulike blomar og rankar, englar og dyr. Kyrkja har fått digitalorgel, men dei gamle orgelpipene pyntar framleis opp.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kyrkjeartikkelen som har med Oppland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.