Kvilldal kraftverk
Utsjånad
Kvilldal kraftverk | |||
| |||
Plassering | Suldal kommune i Rogaland fylke | ||
---|---|---|---|
Fallhøgde | 538 m | ||
Aggregat | Francisturbin | ||
Installasjon | 1240 MW | ||
Årsproduksjon | 3516,52[1] GWh | ||
Eigar | Statkraft mfl. | ||
Drift | 1981-86 | ||
Kvilldal kraftverk 59°31′44″N 6°39′15″E / 59.52878°N 6.6542°E |
Kvilldal kraftverk er eit vasskraftverk i Ulla-Førreanlegget i Suldal kommune i Rogaland fylke, og er Noregs største målt i installert effekt. Kraftverket blei sett i drift i 1986. Verket utnyttar eit fall på 538 meter frå inntaksmagasin i Lauvastølsvatn. Til inntaksmagasinet blir det henta inn vatn frå Saurdal kraftverk (som igjen får vatn frå Blåsjø), Stovedalsvatnet og Sandsavatnet. Til Sandsavatnet blir det overført vatn frå Mosvatnet i Suldal via Hjorteland pumpestasjon. I tillegg blir det henta inn vatn frå ei rekke bekkeinntak.
Det er installert fire Francisturbinar på totalt 1240 MW.
Eigar er Lyse produksjon, Statkraft, Skagerak Kraft og AEP.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kvilldal kraftverk» frå Wikipedia på bokmål, den 7. mars 2009.