Kville skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grenda Kville har gjeve namn til både sokn og skipreide.

Kville (Kvilda) skipreide var ei skipreide i nordre delen av Båhuslen. Ho femna om soknene Kville, Svenneby og Bottna. I dag utgjer området søre delen av Tanums kommun.

Då heile Båhuslen vart svensk territorium etter freden i Roskilde i 1658 vart skipreidene i landskapet innlemma i den svenske heradsordninga, og Kville skipreide vart omskipa til Kville härad.