Kvina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvina
elv
none  Kvina renn ut i Fedafjorden
Kvina renn ut i Fedafjorden
Renn gjennom Kvinesdal
Sideelvar Litleåna
Lengd 110 km
Nedslagsfelt 1 445 km²
Middelvassføring 32 /s
Kjelde Kvinavatnet
Munning Fedafjorden ved Kvinesdalen

Kvina er ei elv i Vest-Agder fylke. Elva har gjeve namn til Kvinesdalen, som igjen har gjeve namn til kommunen Kvinesdal. Saman med elva Sira er elva del av Sira-Kvina vasskraftutbygginga.

Kvina har ei uregulert sideelv som heiter Litleåna. Kvina er sterkt regulert av Sira-Kvina Kraftselskap, og vatn frå 809 km² (56%) vert overført til Sira i Sirdal. Elva (inkludert Litleåna) hadde ei middelvassføring på 81 m³/s før regulering. I dag har elva ei middelvassføring på 32 m³/s.

Kvina er i dag lakseførande til Rafoss, dvs. ei strekning på 13 km, og i Litleåna går laksen til Åmot, 1 km opp i elva.

Kvina er òg ei bygd i Lurøy kommune på Helgelandskysten.