Kvinne-CM i sjakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvinne-CM i sjakk (WCM), engelsk Woman Candidate Master, er den lågast rangerte vanlege sjakktittelen som Verdssjakkforbundet FIDE tildeler berre til kvinnelege sjakkspelarar. Tittelen blir vanlegvis tildelt fordi spelaren har oppnådd ein eigen rating på 2000 eller meir på ei offisiell FIDE ratingliste. Tittelen er livsvarig.

Tittelen rangerer under Kvinne-stormeister i sjakk, Kvinne-IM i sjakk og Kvinne-FM i sjakk.

Her er også reglar som gir WCM-tittelen automatisk til dei som til dømes gjer gode prestasjonar i Kvinne-verdsmeisterskapen for juniorar. Gjeldande reglar finst i FIDE sin handbok på nettet. [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]