Den internasjonale kvinnedagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kvinnedagen)
Den tyske marxisten og feministen Clara Zetkin (t.v.) kom med framlegget om ein internasjonal kvinnedag i 1910. T.h. veninna og partifellen Rosa Luxemburg.
Frå kvinnedagen 2014 i Oslo: Forsvar kvinna sin rett til sjølvbestemt abort
Markering av den internasjonale kvinnedagen med demonstrasjonstog i Dhaka i Bangladesh.
Kvinnelege bygningsarbeidarar demonstrerer i Sydney 8. mars 1975.

Den internasjonale kvinnedagen vert markert den 8. mars kvart år. Dagen vert nytta til ei verdsfemnande markering av rettane til kvinner, og til kampen for full jamstilling mellom kjønna. Mange stader vert det skipa til demonstrasjonar, opptog og markeringar. Dagen vert også feira av Dei Sameinte Nasjonane (SN), og i mange land er han ein offentleg helgedag.

Dei Sameinte Nasjonane erklærte i 1975 8. mars som internasjonal kvinnedag. Det fyrste framlegget om ein slik dag kom frå den kjende, tyske politikaren Clara Zetkin på den sosialistiske Andre Internasjonalen sin kvinnekonferanse i København i 1910.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Idéen om ein internasjonal kvinnedag vart lansert i byrjinga av det førre hundreåret, ein periode som i mange land var prega av sterk industrialisering. I 1908 gjorde Det amerikanske sosialistpartiet vedtak om ein nasjonal kvinnedag i USA. Denne dagen vart markert første gong 28. februar 1909. Dei amerikanske kvinnene heldt fram med å feira denne dagen den siste søndagen i februar fram til og med 1913.

I 1910 vart dei amerikanske kvinnene sitt initiativ følgt opp av kvinner i Europa. På den sosialistiske Andre Internasjonalen sin andre internasjonale kvinnekonferanse fekk den tyske marxisten Clara Zetkin gjennomslag for å innføra ein internasjonal kvinnedag. Over 100 kvinner frå 17 land deltok på konferansen, som vart halden på Folkets hus i Jagtvei 69, seinare kjent som Ungdomshuset i København. Den internasjonale kvinnedagen skulle vera ein kampdag for den sosialistiske kvinnerørsla, og i første omgang ein reiskap i kampen for kvinneleg røysterett. Det vart ikkje den gongen vedteke nokon bestemt dato for kvinnedagen, men det følgjande året vart dagen markert den 19. mars i Sveits, Tyskland, Austerrike og Danmark. I alt ein million kvinner demonstrerte.

I Noreg vart kvinnedagen markert første gong i 1915. Då heldt Kvinneforbundet i Arbeidarpartiet folkemøte for fred, og kommunisten og feministen Aleksandra Kollontaj frå Russland heldt tale i Oslo.

Dei russiske kvinnene[endre | endre wikiteksten]

Dei russiske kvinnene feira sin første kvinnedag siste søndagen i februar 1913 som ein del av den internasjonale fredsrørsla mot den komande verdskrigen. Desse fredsmarkeringane heldt fram etter at krigen braut ut. I 1917 hadde to millionar russiske soldatar døydd i krigen, og det russiske samfunnet var i ferd med å bryta saman. På den internasjonale kvinnedagen samla ei stor mengde kvinner seg i St. Petersburg, den gongen kalla Petrograd, i ein fredeleg demonstrasjon for «brød og fred». Demonstrasjonane heldt fram i fleire dagar og utvikla seg til februar-revolusjonen, som innleia den russiske revolusjonen. Etter russisk kalender den gongen starta revolusjonen 23. februar. Dette svarar etter gregoriansk kalender til 8. mars. Etter initiativ frå Aleksandra Kollontaj gjorde Lenin i 1922 denne dagen til ein kommunistisk festdag for å minnast kvinnene sin innsats i revolusjonen.

I Noreg var dagen knytt til den sosialdemokratiske og kommunistiske rørsla og bar preg av å vera ei partimarkering på venstresida. Arbeidarpartiet tok opp markeringa av 8. mars frå 1921, men frå 1929 vart markeringa borte.

Under den andre verdskrigen fann kvinner kvarandre i motstandsrørsla og i konsentrasjonsleirar og markerte dagen i løynd. Etter krigen heldt det nystarta «Kvinnenes Demokratiske Verdensforbund», seinare «Norsk Kvinneforbund», dagen i hevd gjennom mindre markeringar. Dei hadde tilknyting til kommunistane, og ei viktig parole var «aldri meir krig». Den første offisielle markeringa etter krigen var i 1948. Men på denne tida starta den kalde krigen, og kvinnene som markerte dagen møtte mykje motstand.

Den nye kvinnerørsla[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1960-talet tok den nye kvinnerørsla opp att tradisjonen med å markera 8. mars over heile den vestlege verda. Først ute i Noreg var ei gruppe kvinnefrontarar ved Universitetet i Oslo, som skipa til tog 8. mars 1972. Initiativtakar var Gro Hagemann, i dag professor i historie ved Universitetet i Oslo. Hagemann fortel at ho studerte kvinnehistorie og tok ideen rett ut av bøkene. Ho var ikkje då merksam på at det alt fanst ein norsk tradisjon for å markera dagen.[1]

Det var ikkje så mange som deltok i det første toget. Men ei gruppe nyfeministar dukka opp med parolar som «rett til å liggja øvst». Dette førte til splitting, men det skapte også avisomtale. Neste år kom ei rekkje andre kvinneorganisasjonar med, og dagen vart etter kvart ein viktig markeringsdag - landet over gjekk små og store demonstrasjonstog, nokre med ei handfull deltakarar, andre med fleire tusen. I Det internasjonale kvinneåret i 1975 vart dagen for alvor ein brei markeringsdag.

8. mars 1978 nådde markeringane på 1970-talet eit høgdepunkt då 20 000 kvinner og menn slutta opp om toga rundt om i landet. I Oslo, Trondheim og Ålesund klarte ikkje kvinneorganisasjonane å bli samde, og der gjekk det to tog. I Oslo gjekk 4300 i 8. mars-komiteen sitt tog og 3500 i Samarbeidstoget. I Trondheim gjekk 1250 i 8. mars-komiteen sitt tog og 1000 i Samarbeidstoget. I Ålesund gjekk 86 i toget til 8. mars-komiteen og 65 i Samarbeidstoget. I Bergen og Tromsø var det samling dette året. I Tromsø slutta 1200 kvinner og menn seg til eitt av dei største demonstrasjonstoga i etterkrigstida. Toget var eit samarbeid mellom Samarbeidsbevegelsen og 8. mars-komiteen. I Bergen gjekk 2900 i eit tog som vart skipa til av Samarbeidskomiteen og 8. mars-komiteen. Elles var det for første gong 8. mars-markeringar på Rjukan, Os ved Bergen, Nedre Eiker, Måløy, Melbu, Langesund, Lier, Hokksund, Borknes, Kjøllefjord, Tynset, Vågsøy, Orkdal, Leksvik, Vadsø, Vardø og Strømmen/Rælingen.[2]

Viktige saker i kvinnekampen på 1970-talet var lik rett til arbeid og utdanning, utbygging av barnehagar, sjølvbestemt abort, seksuell frigjering, lesbiske kvinners rettar, kamp mot valdtekt og familievald og kamp mot porno og prostitusjon.

Utover på 1980- og 90-talet vart dagen i stor grad ivareteken av politiske parti og ulike feministiske grupperingar. Men sakene var ikkje så store og samlande som særleg abortsaka var på 1970-talet.

Kampen for likestilling i dag[endre | endre wikiteksten]

Kvinnedagen har dei siste åra hatt mindre oppslutnad enn tidlegare. Dette skuldast delvis at mange av krava frå 1970-talet er gjennomførte, og delvis har andre saker kome i fokus i likestillingsdebatten. Menn har meldt seg på med eigne krav, og vi har i dag også Mannsdagen den 7. oktober som vert markert kvart år.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Tilvisingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]