Kvinnemuseet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvinnemuseet

StadKongsvinger kommune
Kart
Kvinnemuseet
60°11′53″N 12°00′17″E / 60.198051°N 12.004596°E / 60.198051; 12.004596

Kvinnemuseet er eit norsk museum som har tilhald i sveitservillaen Rolighed i Løkkegata i Øvrebyen på Kongsvinger og har som føremål å dokumentere, forske på og formidle soga om kvinners liv og virke frå gamal tid og fram til notida. Innanfor arbeidsfeltet ligg spørsmål som er knytt til kjønn, kjønnsroller og kjønnsidentitet. Museet er ei avdeling i Anno museum, og den vesle staben som driv Kvinnemuseet, er òg engasjert i større eller mindre grad i andre einingar under Anno museum, som Kongsvinger museum, Odalstunet og Eidskog museum.

Samlingane på Kvinnemuseet femner om både gjenstandar, bøker, fotografi og arkivmateriale. Mykje av dette er registrert og tilgjengeleg på DigitaltMuseum. Museets store samling av gjenstandar finst for det meste i magasina, men eit utval er å sjå i dei faste utstillingane Lek for livet, I all offentlighet og Din Dagny. Kvinnemuseet har dessutan arkivmateriale som vert registrert i arkivregistreringsprogrammet Asta.

Museet er opent for ålmenta i i sommarsesongen, men ved tinging på førehand får skuleklasser og grupper tilgang året rundt. Forskarar kan få tilgang til materialet på museet heile året.

Museumssoga[endre | endre wikiteksten]

Ei gruppe ikring det nyskipa Kongsvinger museum avgjorde på 1980-talet å arbeide for å realisere tanken om å etablere eit Kvinnemuseum etter å ha arrangert fleire utstillingar med kvinnehistoriske tema på bymuseet. Inspirert av Kvindemuseet i Danmark og Kvinnemuseet i Vietnam, tok dei til å å sjå seg om etter eit eigna lokale i byen til eit slik museum, og huset Roligheden, barndomsheimen til forfattaren og bohemkvinna Dagny Juel (Dagny Juel Przybyszewska), synte seg etter nokre år å verte eit alternativ. Kommunen ynskte då å rive huset for å byggje moderne bustader tomta. Hovudsakleg på grunn av planane om å skipe det fyrste og einaste kvinnemuseet i Noreg, vart Rolighed berga etter ein langvarig kamp, og Kvinnemuseet kunne verte offisielt opna av HKH Dronning Sonja 31. mai 1995 etter seks år med arbeid for å setje huset i stand .

Det vart lagt ned store ressursar i produksjon av utstillingar, og etablert som praksis å lage ei ny stor hovudutstilling til kvar sommarsesong med tema som husmorsoge, kvinner i det offentlege helsevesenet, strikking og fredskvinner, homofilisoge. I tillegg vart det òg laga ei fast utstilling om Dagny Juel, om soga til huset Rolighed, og med tida dessutan ei utstilling om norsk abortsoge og ei kvinnesakutstilling. Etter 8. mars-arrangementet (Den internasjonale kvinnedagen) i 2016 vart museet stengt for publikum fram til 1. juni 2017 for omfattande renovering av fleire av romma og oppbygging av tre nye basisutstillingar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]