Kvinnheradguiden.no

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvinnheradguiden.no var ein nyhendeportal for Kvinnherad. Portalen vart starta i 1996, då to kvinnheringar bygde opp ei liste med oversikt over e-postadresser til kvinnheringar. Etter nokre år fekk portalen domenenamnet Kvinnheradguiden.no og innhaldet utvida seg til å omhandle nyhende, kultur, tradisjon og historie frå Kvinnherad kommune. Sidan vart det òg eit biletarkiv med bilete frå kommunen tekne av brukarane.

No (mars 2010) er www.kvinnheradguiden.no parkert, og det eksisterer ikkje lenger noka heimeside for denne adressa.