Kvinnheradsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rosendal og Kvinnheradsfjorden

Kvinnheradsfjorden er ein del av Hardangerfjorden som hovudsakleg ligg i Kvinnherad kommune. Han er ei fortsetjing av Husnesfjorden og strekkjer seg 21 km nordaustover før han deler seg i Øynefjorden og Sildafjorden. Onarheimsfjorden er ein sidearm av Kvinnheradsfjorden som strekkjer seg vestover mot Tysnes.

Fjorden har innløp i sørvest mellom Herøysund i aust og Ånuglo i vest og følgjer kommunegrensa mellom Kvinnherad og Tysnes eit stykke nordaustover. Rett nord for Ånuglo ligg Onarheimsfjorden på vestsida. Rett nord for Herøysund ligg ei to forholdsvis store øyar. Skorpo er den vestlegaste og vidare nordaustover ligg Sniltveitsøy som er 7 km lang. Sør og aust for desse øyane ligg Storsundet og på fastlandssida av fjorden ligg ei rekkje bygder og tettstader. Lengst vest ligg Uskedalen, rett sør for Skorpo, så kjem Dimmelsvik, Høyland og til slutt Rosendal, som er kommunesenteret i Kvinnherad.

Aust for Onarheimsfjorden på nordsida ligg ei bukt som strekkjer seg 4,5 km nordover. Dei ytre delane av bukta heiter Husavågen, innanfor her ligg Ølvesbukta og heilt inst ligg Hyttevågen. På vestsida av bukta ligg Ølve og Husa.

Nord for Rosendal ligg Løfallstranda, og frå her går det ferje over fjorden til Gjermundshamn og Varaldsøy. Skjelnesodden på Varaldsøy stikk sørover i fjorden og deler Hardangerfjorden her i Øynesfjorden går på vestsida av Varaldsøy og Sildafjorden på sørsida. Dette markerer òg enden på Kvinnheradsfjorden.