Kvint

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvint er intervallet tilsvarande fire trinn i ein diatonisk skala, til dømes mellom 1. og 5. trinn i ein diatonisk skala.

Rein kvint[endre | endre wikiteksten]

Ein rein kvint er nemninga på intervallet (avstanden) mellom to tonar på sju kromatiske halvtonar, til dømes avstanden mellom C og G. Namnet kjem av at ein kvint spenner over fem trinn i dei fleste diatoniske skalaer bortsedd frå lokrisk. At han er rein plasserer han saman med dei andre reine intervalla kvart, oktav og prim i ein eigen intervallkategori. Kvinten er det musikalske intervallet som gjev den meste stabile samklangen (konsonans) bortsedd frå rein oktav. Han er eit nærast uunnverleg intervall i akkordar, komposisjonsstrukturar og vestlege stemmesystem.

Ein invertert (omvend) kvint er ein kvart.

Kvintsirkel[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Kvintsirkel.

Kvintsirkelen er ei oppstilling av tolv reine kvintar som fører frå ein gjeven utgangstone (mest C) via 12 kvintsprang tilbake til same tone. I kvintsirkel er det vanleg å etablera ein durskala på kvar kvint. På veg oppover frå C (til dømes G, D, A osb.) vil ein oppdaga at kvar durskala får eitt kryss () til som fast forteikn. Så har G-dur eitt kryss, D-dur to kryss, A-dur tre kryss, osb. På veg nedover frå C får kvar durskala éin b () til som fast forteikn. Så har F-dur éin b, B-dur to, E-Dur tre, osb.
Dei faste forteikna følgjer kvintsirkelen på sin eigen måte: G-dur har F som fast forteikn, D-dur har F og C (kvint frå F), A-dur F, C og G (kvint frå C) osb. F-dur har som fast forteikn, B-dur har og E (kvint nedover frå ), E-Dur har , E og A (kvint nedover frå E) osb.

Stemming av strykeinstrument[endre | endre wikiteksten]

Strykeinstrumenta med unntak av kontrabassen er i dag stemnd i reine kvintar. Stemmetonane for fiolinen er g – d' – a' – e", for bratsjen c – g – d' – a', for celloen C – G – d – a.

Forminska kvint[endre | endre wikiteksten]

Ein forminska kvint er nemninga på intervallet mellom ein gjeven tone og ein annan tone som ligg ein halvtone under den reine kvinten. Han omfattar dermed to heiltonar og to halvtonar. Forminska kvint ut frå c' oppover er g'. Forminska kvint ut frå e' oppover er h'.

Av alle diatoniske skalaer er det berre lokrisk som har ein forminska kvint som femte trinn.

Den forminska kvinten må ikkje forvekslast med den forstørra kvarten. Ein forstørra kvart omfattar tre heiltonetrinn (til dømes frå c til f oppover) og vert difor òg kalla som tritonus. Det er berre på tempererte instrument som til dømes dagens piano, at forstørra kvart og forminska kvint høyrst likt ut.

Forstørra kvint[endre | endre wikiteksten]

Ein forstørra kvint er nemninga på intervallet mellom ein gjeven tone og ein annan tone som ligg ein halvtone over den reine kvinten. Forstørra kvint ut frå c' er g'. Forstørra kvint ut frå e' er h'.

Det finst ingen diatonisk skala som har forstørra kvint som femte trinn.

Den forstørra kvinten må ikkje forvekslast med ein liten sekst. Det er berre på tempererte instrument som til dømes dagens piano, at forstørra kvint og liten sekst høyrst likt ut.

Forminska og forstørra kvint gjeld i europeisk kunstmusikkteori fram til ca. 1915 som dissonans og må difor vidareførast etter bestemde regler.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]