Kvintakkord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Power chord-grep på gitar

Kvintakkord eller powerakkord (frå engelsk power chord) er ein akkord som i grunnform består av to tonar, grunntone og kvint. Ofte vert grunntonen spelt i oktav, og stundom òg kvinttonen.

Ein kvintakkord er ikkje i røynda ein akkord, men ein toklang, alternativt ein terslaus treklang utan dur/moll-karakter.[1] Slike akkordar høyrest kraftig ut, og fordi tersen manglar, kling dei ikke dissonant når instrumentsignalet vert forvrengd, og vert derfor gjerne nytta i rockemusikk med mykje forvrenging, t.d. i heavy metal.[2]

Spel med kvintakkordar har enkelte likskapar med kvartharmonikken frå mellomalderen, og enkelte musikkstykke frå mellomalderen kan fungere i rockeversjonar.

I besifringsnotasjon vert kvintakkordar vist som grunntonen og eit femtal, til dømes som C5 eller C5. Sjeldnare nytta variantar syner til at tersen skal utelatast: Cno3, Comit3 eller C3.

For standardstemt gitar (E–A–d–g–h–e') kan E5 og G5 visast grafisk slik:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Guitar Power Chords Lesson, fretjam.com
  2. «Glossary of Guitar Terms», Mel Bay Publications, Inc.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]