Kvintett for piano og horn av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvintett i Ess-dur for Piano og Horn
K. 452
Pianokvintett av Wolfgang Amadeus Mozart
SjangerKammermusikk
PeriodeWienerklassisismen
Komponert30. mars 1784
Urframføring1. april 1784
Typisk lengd23:31
Satsar/akter3
ToneartEss-dur

Kvintett i Ess-dur for Piano og Horn, K. 452, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart og gjort ferdig den 30. mars 1784. Stykket hadde premiere to dagar seinare i Det keisarlege og kongelege hoffteateret i Wien.[1] Kort tid etter premieren skreiv Mozart til faren at «eg reknar det som det beste eg har skrive i livet mitt».[1] Stykket er skrive for piano, obo, klarinett, valthorn og fagott. Det består av tre satsar:

  1. Largo - Allegro moderato
  2. Larghetto
  3. Allegretto

Denne strukturen liknar ein typisk sonate.

Stykket var til inspirasjon for Kvintett i Ess for piano og horn, Op. 16, av Ludwig van Beethoven, som komponerte denne hyllesta i 1796. Begge nyttar same instrumentering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Berger, Melvin (2001). Guide to Chamber Music. Mineola, New York: Dover. s. 299–300. ISBN 0-486-41879-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]