Kvirinalhøgda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvirinalhøgda
ås
Quirinal.palace.in.rome.arp.jpg
Land Flag of Italy.svg Italia
Del av Dei sju høgdene i Roma

Kvirinalhøgda
41°54′4″ N 12°29′18″ E
Wikimedia Commons: Quirinal Hill (Rome)

Kvirinalhøgda (latin Mons Quirinalis, italiensk Quirinale) er ei av dei sju høgdene i Roma, og ligg mellom Trajanus forum og Diocletianus termer. Namnet Kvirinalen kjem av Quirinus tempel.

Palazzo del Quirinale

I antikken var Kvirinalhøgda dominert av ulike domkyrkjer og andre offentlege bygg, men òg patrisiervillaer. På byrjinga av 300-talet oppførte keisar Konstantin det siste badeanlegget her. I mellomalderen vart høgda avfolka, men vart vekka til liv på midten av 1500-talet av pavane si interesse for området.

Kvirinalhøgda er dominert av Palazzo del Quirinale med mektige hagar. Palasset var før 1870 pavane sin sommarresidens, og fram til 1947 den italienske kongen sin bustad. På Piazza del Quirinale står to statuar som framstiller Zevs sine to søner Castor og Pollux. På Kvironalhøgda ligg to sakrale arkitektoniske meisterverk frå barokken: Kyrkjene San Carlo alle Quattro Fontane av Francesco Borromini og Sant'Andrea al Quirinale av Giovanni Lorenzo Bernini.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kvirinalhøgda