Kvisthoppar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvisthoppar
Kvisthoppar Foto: Francesco Veronesi
Kvisthoppar
Foto: Francesco Veronesi
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Stenostiridae
Slekt: Stenostira
Art: Kvisthoppar S. scita
Vitskapleg namn
Stenostira scita

Kvisthoppar (Stenostira scita) er ein liten insektetande sporvefugl i kvisthopparfamilien som lever i sørlegaste Afrika. Tidlegare var arten klassifisert i flugesnapparfamilien, Muscicapidae. Saman med nokre få andre fråvikande insektetarar som Elminia, dannar han den nye familien som han har gjeve namn til. Kvisthoppar er monotypisk i slekta Stenostira.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kvisthopparar er 11-12 cm i kroppslengd og veg mellom 4 og 8 gram. Den vaksne har grå overside over med ei svart maske gjennom auget og ein kvit augebrynstripe, supercilium, som går heilt fram over det svarte nebbet. Beina er svarte. Vengene er svarte med eit langt kvitt vengeband, og den lange, elles svarte halen har kvite understjertdekkarar. Strupen er kvit, brystet er bleikgrått, og buken er nær kvit med utvaska rosa mot midten. Kjønna er nokså like, juvenile fuglar er brunare enn dei vaksne.[1]

Kvisthopparar er monogame, og søkjer ein ny partnar berre om maken har døydd. Dei byggjer eit opent koppforma reir av tynne kvistar og anna plantematerialar, og fôra med fine plantefibrar, ull, hår og nokre gonger fjører. Reiret er plassert i greinene av eit tre eller i ein busk, men godt skjult. Kvart kull er på anten to eller tre egg.

Denne fuglen er vanlegvis sett åleine, i par eller små flokkar. Han et på små insekt og andre virvellause dyr, og beitar i lauvverket som ein songar.

Hekkeområdet ligg innanfor sørlege delar av staten Sør-Afrika og i Lesotho. Men han har vinterutbreiing over det meste av sentrale Sør-Afrika nord til sørlegaste Botswana og Namibia, og han kan vere ein streiffugl inn i Zimbabwe.

Dette er dels ein standfugl og dels ein sesongbasert flyttfugl. Ein kan treffe på kvisthopparar i heile hekkeområdet året rundt. I Karoo i Sør-Afrika er kvisthopparar mest standfuglar, men somme kan trekke sørvest eller nordover til sørlege Namibia om vêrtilhøva blir for tørre. Nokre fuglar gjer vertikale kortdistansetrekk frå høglandet Lesotho der dei hekkar i Drakensberg, ned til KwaZulu-Natal utanom hekkesesongen.[1]

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Taylor, B. (2017). Fairy Flycatcher (Stenostira scita) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 30. desember 2017
  2. BirdLife International (2017) Species factsheet: Stenostira scita. Henta frå http://www.birdlife.org den 30. desember 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kvisthoppar