Hopp til innhald

Kvisthopparfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvisthopparfamilien
Gråhovudflugejeger, Culicicapa ceylonensis Foto: CharlesLam
Gråhovudflugejeger, Culicicapa ceylonensis
Foto: CharlesLam
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Eupasseres
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Kvisthopparfamilien Stenostiridae
Beresford, Barker, Ryan & Crowe, 2005

Kvisthopparfamilien, Stenostiridae, er ein biologisk familie av små sporvefuglar som er definert som eit resultat av nyare funn i molekylær systematikk (Beresford et al. 2005).

Kvithaleelminia, Elminia albicauda
Foto: Tom Tarrant
Utbreiingskart for kvisthopparfamilien samla sett

Denne nye kladen har fått namnet etter arten kvisthoppar, Stenostira scita, tidlegare plassert i flugesnapparfamilien. Arten er no sameint med slekta Elminia, tidlegare plassert i monarkfamilien og den nærskylde flugesnapparslekta Culicicapa. (Beresford et al. 2005, Fuchs et al. 2006)

Fleire andre afrikanske eller asiatiske artar kan tenkjast å falle inn i denne nye kladen. Slekta Myioparus i flugesnapparfamilien er morfologisk noko konvergent til Stenostira (Jønsson & Fjeldså 2006).

Stenostiridae er akseptert av Clementslista[1] og av IOC World Bird List. [2]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Kvisthopparfamilien i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

Slekt Stenostira, utbreiing i sørlege Afrika

  • Kvisthoppar, Stenostira scita, Fairy Flycatcher, Vieillot, 1818, (LC)

Slekt Chelidorhynx, Himalaya, Tibet, nordaustlege India, Sør-Kina sørover til nordlegaste Indokina

  • Gulbuk, Chelidorhynx hypoxantha, Yellow-bellied Fairy-Fantail, Blyth, 1843, (LC)

Slekt Elminia, utbreiing i Afrika sør for Sahara, men nord for Sør-Afrika

  • Blåelminia, Elminia longicauda, African Blue Flycatcher, Swainson, 1838, (LC)
  • Kvithaleelminia, Elminia albicauda, White-tailed Blue Flycatcher, Barboza du Bocage, 1877, (LC)
  • Gråbukelminia, Elminia nigromitrata, Dusky Crested-Flycatcher, Reichenow, 1874, (LC)
  • Kvitbukelminia, Elminia albiventris, White-bellied Crested-Flycatcher, Sjöstedt, 1893, (LC)
  • Kvittippelminia, Elminia albonotata, White-tailed Crested-Flycatcher, Sharpe, 1891, (LC)

Slekt Culicicapa, Søraust-Asia, aust til Filippinane

  • Gråhovudflugejeger, Culicicapa ceylonensis, Gray-headed Canary-Flycatcher, Swainson, 1820, (LC)
  • Sitronflugejeger, Culicicapa helianthea, Citrine Canary-Flycatcher, Wallace, 1865, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Om oppretting av Eupetidae i oppdateringar til Clementslista desember 2009
  2. Gill, F and D Donsker (Eds) (2010). «IOC World Bird Names (version 2.7) (Stenostiridae i Waxwings to swallows. Arkivert frå originalen 24. juli 2011. Henta 25. januar 2011. 
  3. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)