Kvit blodlekam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kvit blodcelle)

Kvite blodlekamar eller kvite blodceller, også kalla leukocyttar, er ei fellesnemning på ei gruppe celler som utgjer ein del av blodet i kroppen. Desse cellene beskyttar kroppen mot infeksjonar og er ein sentral del av immunsystemet.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Granulocyttar[endre | endre wikiteksten]

Granulocyttar har fått namn etter korleis dei ser ut i mikroskop, forstørra opp ser ein klart at dei har mange små kular (svarte prikkar) inni cella forutan sjølve cellekjerna. Det finst fleire ulike typar, mellom dei nøytrolfile granulocyttar, basofile granulocyttar og eosinofile granulocyttar. Alle dei tre typane vert utvikla frå ei felles modercelle (myeloblast). Jo meir denne cella delar seg, jo fleire «flekkar» (granular) får cella.

Agranulocyttar[endre | endre wikiteksten]

Lymfocyttar[endre | endre wikiteksten]

Lymfocyttar er ein viktig del av det spesifikke immunsystemet. B-lymfocyttar er ei celle som har spesielle reseptorar festa til seg. Desse reseptorane er spesifikke for kvar bakterie, slik at dei berre festar seg til ein bestemt type antigen hjå bakteriane. Vidare byrjar B-lymfocyttane i dele seg til såkalla plasmaceller, som byrjar å produsere antistoff som høver til ein spesiell bakterie. Antistoffa festar seg så på denne bakterien. No kan antistoffa løyse opp bakteriane med ein gong, ved hjelp av enzymar som antistoffa fører med seg. Antistoffa kan òg gjere skade på celleveggen slik at det vert lettare for fagocyttane å øydeleggje dei. Nokre antistoff har òg den eigenskapen at dei kan binde saman fleire bakteriar til store klumpar slik at dei ikkje kan fungere.

T-lymfocyttar er celler som i motsetnad til B-lymfocyttane, ikkje går til åtak på bakteriar. Dei har som hovudoppgåve å bekjempe virus og kreftceller. Alle virusinfiserte celler har til liks med bakteriar ein spesifikk overflate (makromolekyl) som immunsystemet kan kjenne att. T-åtaksceller går så til åtak på dei virusinfiserte cellene. Når ein T-lymfocytt kjenner att overflata på eit virus eller ei kreftcelle byrjar cella å dele seg. Sidan denne prosessen går seint, tek det fleire dagar før det er nok lymfocyttar i blodet til å slå attende infeksjonen.

Monocyttar[endre | endre wikiteksten]

Makrofagar[endre | endre wikiteksten]