Kvit nykkerose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvit nykkerose
Kvit nykkerose
Kvit nykkerose
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kvit nykkerose
Utbreiinga av Kvit nykkerose
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Nymphaeales
Familie: Nymphaeaceae
Underfamilie: Nymphaeoideae
Slekt: Nymphaea
Art: Kvit nykkerose N. alba
Vitskapleg namn
Nymphaea alba


Kvit nykkerose (latin Nymphaea alba ssp. alba) er ei fleiråreg vassplante. Kvit nykkerose trivst både i næringsrikt og næringsfattig vatn, og lev både i elvar og i stilleståande vatn.

Kvit nykkerose er fylkesblome for Buskerud, samt kommuneblom for Fjaler, Hof og Iveland kommunar.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Kvit nykkerose har runde, blankt grøne blad som ofte kan ha eit raudleg skjer, særleg på undersida. Mot bladkanten dannar bladnervene eit nettverk. Blomane er store, og flyt i vassoverflata.

Planta blomstrar frå juni til september, og har den største blomen i norsk flora med ein diameter på opp til 20 cm. Dei 12-30 kronblada er kvite og støvberarane gule; det finst òg variantar med raude kronblad. Ytst i blomen har han fire grøne begerblad. Bestøvinga er det insekt som syt for.

Jordstengelen til kvit nykkerose veks ned i botnen av sjøen. Frukta blir modna under vatn.

Blomen til kvit nykkerose er den største hos ville plantar i Noreg

Underartar[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er det to godkjende underartar av kvit nykkerose.

  • kvit nykkerose (Nymphaea alba ssp. alba) har store blad med tilnærma rette nervar i bladflikane. Blomen er relativt jamnt avrunda frå skaftet og opp etter begerblada. Denne varianten har som regel heilt opne blomar med ein diameter frå 10 til 20 cm. Me finn ho på austlandet og i kyststrok nord til Lyngen i Trøndelag.
  • kantnykkerose (Nymphacea alba ssp. candida) har store blad med innoverbøygde nervar i bladflikane. Blomen er oftast berre halvveges open og består av 15 til 20 kronblad. Denne forma er vanleg på austlandet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kvit nykkerose
Kvit nykkerose i eit tjern i ferd med å bli myr. Fotograf: Kjetil Lenes