Kvit skogfrue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvit skogfrue

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga

Cephalanthera longifolia 290508a.jpg

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Cephalanthera
Art: C. longifolia
Vitskapleg namn
Cephalanthera longifolia
Økologi
Habitat: kalkrik skog
Utbreiing: Eurasia og nordvestlege Afrika

Kvit skogfrue (Cephalanthera longifolia) er ein planteskogfrueslekta Cephalantheraorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Kvit skogfrue er, saman med den nærskylde raud skogfrue, utan tvil av dei mest elegante blomsterplantane i Noreg. Planten står stor og høg, 20-50 cm, med lange sverdforma blad i to rader nedover stengelen. Arten er kjenneteikna med ein lang klase med kvite, halvopne blomstrar med ein gul flekk på leppa, og syner godt att i terrenget. Kvit skogfrue står gjerne i små grupper.

Nærbilde av blomstrar med den gule flekken på underleppa

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten finst frå det sørvestlege Europa og Skandinavia austover til Himalaya.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Arten er først og fremst knytt til kysten, og der til skog og skogkanter på kalkrik, turr og grusete grunn, og helst finn ein planten i skugge eller halvskugge. Hovudtyngda finst langs kysten frå Tvedestrand til Ørland. I tillegg går arten litt inn i landet på Austlandet, med funn i Hurum, Hjartdal og Tokke.[3] I Kvam er kvit skogfrue kommuneblomst.

Arten er sjeldsynt her til lands, og derfor totalfreda.[4] Han er òg på Norsk raudliste for artar (2021) som nær truga (NT).[5]

Arten finst òg i Sverige (LC) (svensk namn: «vit skogslilja»),[6] i Danmark (EN) (dansk namn: «sværd-skovlilje»)[7] og i Finland (VU) (finsk namn: «miekkavalkku»).[8]

Kvit skogfrue (engelsk namn: «sword-leaved helleborine») veks spreidde stader i England, Wales, Skottland og Irland, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[9] I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU).[10] Lokalt er han sterkt truga (EN) i England,[11] sårbar (VU) i Skottland[12] og sterkt truga (EN) i Wales.[13] I Irland er arten verna gjennom forskrifta Flora (Protection) Order, 2015,[14] og på den irske raudlista har han status som sårbar (VU).[15]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar kvit skogfrue». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre kvit skogfrue». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  3. «Artskart: Kvit skogfrue, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  4. «Forskrift om fredning av truede arter». Lovdata. 21. desember 2001. Henta 3. mars 2022. 
  5. «Raudlista: Kvit skogfrue». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 3. mars 2022. 
  6. «Artfakta: Cephalanthera longifolia vit skogslilja». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  7. «Naturbasen: Sværd-Skovlilje Cephalanthera longifolia». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  8. «LAJI: Cephalanthera longifolia». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  9. «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022. 
  10. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  11. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  12. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  13. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  14. «S.I. No. 356/2015 - Flora (Protection) Order, 2015.». Irish Statute Book. 2015. Henta 9. mars 2022. 
  15. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]